Thamshavnbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°18′42.329″N 9°51′49.187″E

Thamshavnbanen
Norwegian electric locomotive 3 Ohma Electra.jpg
Elektrisk lokomotiv nr. 3 frå Thamshavnsbanen. Lokomotivet står no på Gløshaugen i Trondheim, med namnet Ohma Electra. Lokomotivet vart levert av British Westinghouse i 1908.
Info
Type Jernbane
System 1000 mm smalspora elektrifisert bane
Status Museumsjernbane
Utgangsstasjon Thamshavn
Endestasjon Løkken Verk
Drift
Opna 10. juli 1908
Forl. til Løkken Verk 15. august 1910
Ordinær trafikk nedl. 30. april 1963
Kistrafikk nedlagt 29. mai 1974
Gjenopna (museumstrafikk) 10. juli 1983
Eigar Salvesen & Thams
Operatør(ar) Orkla Industrimuseum
Teknisk
Køyrestraum 6600 Volt, 25 Hz
Lengde 25,3 km
Tunnelar 1

Thamshavnbanen er ein jarnbane som går frå Løkken Verk til Thamshavn i Sør-Trøndelag fylke. Jarnvegen var i drift frå 1908 til 1974. Strekninga Løkken VerkSvorkmo vart i 1983 gjenopna som museumsjarnbane og er i dag den eldste jarnbana som går på vekselstraum. I dag går det museumstog til Bårdshaug. Slik er 23 av banen sine opphavlege 25 kilometer teke vare på. Museumsbanen vert driven av Orkla Industrimuseum på Løkken Verk. I museet sitt informasjonssenter er det utstillingar om jarnbaneverksemda, og toga kan køyra direkte til og frå utstillingane.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Banen vart bygd for å frakta malm frå gruvene på Løkken Verk, der ein vann ut koparhaldig svovelkis, og nordover ned Orkladalføret til Orkdalsfjorden. Då banen vart opna i 1908, var det den første elektrisk drivne jarnvegen i Noreg. Chr. Salvesen & Chr. Thams's Communications Aktieselskab stod då for drifta. Endestasjonen Thamshavn er no del av Orkanger. Linja ligg i Meldal og Orkdal kommunar. Person- og godstrafikken vart nedlagd i 1963, medan kistoga rulla fram til 1974 Thamshavnbanen er den einaste jarnbana i Noreg som er bygd med 1 000 mm sporvidde, «Meterspor». Dei tre første lokomotiva var mellom dei aller første brukbare lokomotiva i verda for bruk med einfasa vekselstraum. Seinare har einfasa vekselstraum nesten vorte einerådande på elektriske jarbanar. Køyrestraumen med ein frekvens på 25Hz og ei spenning på 6600 V vart transformert ned til mellom 270 til 500 volt. I tillegg kom 110 volt til togvarme og luftkompressoren. Lokomotiva hadde trykkluftbremser frå Westinghouse, og kunne dra togsett på opp til 50 tonn.

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Orkanger stasjon.
Foto: Anders Beer Wilse (1927)
Bårdshaug stasjon.
Foto: Anders Beer Wilse (1912)
Løkken stasjon.
Foto: Anders Beer Wilse (1927)

Forklaring til årstal i linjekart[1].

Teiknforklaring
BSicon BOOT.svg Thamshavn DS «Orkla» (1908 - 1949) / MB «Elna» (1949 - 1963)
BSicon exKDSTa.svg 0 km Thamshavn Utskiping og smelteverk, industrianlegg
BSicon exBHF.svg 0,15 km Thamshavn (1908 - 1963) 2,8 moh.
BSicon .svgBSicon exABZrg.svgBSicon exKDSTr.svg Thamshavn, øvre plan Sidespor, industrianlegg
BSicon exGRENZE.svg Sporet er i si heilheit fjerna hit.
BSicon exBHF.svg 1,03 km Orkanger (1908 - 1963) 14,6 moh.
BSicon exBUE.svg Orkanger Trondheimsvegen
BSicon exHST.svg 2,04 km Hov (1919 - 1940/45, 1946 - 1963) 16,0 moh.
BSicon exBUE.svg Bårdshaug Hovsbakkveien
BSicon exBUE.svg Bårdshaug Rv710
BSicon exGRENZE.svg Sporet er delvis fjerna hit.
BSicon KBHFxa.svg 3,14 km Bårdshaug (1908 - 1963), 2001 - 11,58 moh.
BSicon BUE.svg 3,25 km Bårdshaug Sjukehusvegen
BSicon BUE.svg Myra Myra
BSicon HST.svg 4,41 km Gymnaset (1927 - 1963) 6,4 moh.
BSicon BUE.svg 4,41 km Gymnaset Orkdalsvegen
BSicon WBRÜCKE2.svg 4,41 km Gymnaset (? m)
BSicon HST.svg 4,95 km Follo (1908 - 1963) 6,9 moh.
BSicon BUE.svg «Chicago» E39, nybygd 2000-01
BSicon BUE.svg 5,79 km Fannremsmoen Johann Gjønnes' veg
BSicon HST.svg 5,79 km Fannremsmoen (1947 - 1963) 8,3 moh.
BSicon BHF.svg 6,83 km Fannrem (1908 - 1963), 1990 - 15,70 moh.
BSicon BUE.svg 6,95 km Fannrem Orkdalsvegen, Fv470
BSicon BRÜCKE1.svg Grøtte (? m) gangveg, tidl. bilveg
BSicon BUE.svg Grøtte Gryttingvegen, Fv471
BSicon .svgBSicon eABZlf.svgBSicon exENDEl.svg Grustaket Sidespor, grusuttak. Sporet er fjerna.
BSicon HST.svg Grustaket lagt på 1990-talet
BSicon BUE.svg Engbrua tidl. vegbru over banen, plo. frå 1980/90-tal
BSicon BUE.svg Prestmoen
BSicon BUE.svg Blåsmoen Vel
BSicon HST.svg 9,43 km Blåsmo (1939 - 1963) 14,9 moh.
BSicon BUE.svg 9,43 km Blåsmo Gryttingvegen, Fv471
BSicon HST.svg 10,19 km Ekli (1927 - 1939) 15,7 moh.
BSicon HST.svg 12,76 km Solbusøy (1908 - 1963), 1986 - , tidlegare stasjon 21,02 moh.
BSicon HST.svg 14,41 km Øyum (1927 - 1963) 22,5 moh.
BSicon WBRÜCKE2.svg Øyum (? m)
BSicon eHST.svg Øyum Sør 1990-talet - 2007
BSicon WBRÜCKE.svg Svorka (? m) Kraftverksutløp, nybygd 1983
BSicon WBRÜCKE.svg Svorka (16 m) Kanallaup 52,39 moh.
BSicon BHF.svg 19,35 km Svorkmo (1908 - 1963), 1983 - 54,96 moh.
BSicon BRÜCKE.svg 19,55 km Plassen (? m) Fv475, ombygd 2001-2002
BSicon BUE.svg Klinglia
BSicon BRÜCKE2.svg Klinglia Trolldalen (? m) Steinkvelvsbru
BSicon TUNNEL1.svg 21,10 km Klinglia (151 m) bygd 1944-45
BSicon HST.svg 21,12 km Klinghåmmår'n frå 1983
BSicon eGRENZE.svg 22,15 km Grense: Orkdal kommune og Meldal kommune
BSicon HST.svg 22,28 km Skjøtskift (1918 - 1921, 1926 - 1963) 141,1 moh.
BSicon BUE.svg 22,28 km Skjøtskift Skulmoveien
BSicon BUE.svg Amundmoen Jordhusmoen
BSicon HST.svg 23,95 km Jordhusmoen (1936 - 1963) 152,3 moh.
BSicon ENDEr.svgBSicon ABZlg.svgBSicon .svg Jordhusmoen Sidespor, vognhall, nybygd 1994 152,3 moh.
BSicon WBRÜCKE.svg Raubekken (11 m)
BSicon BUE.svg Furulund Romundstadbygda
BSicon BRÜCKE2.svg «Undergangen» (? m) Langenglia
BSicon KBHFxe.svg 25,15 km Løkken Verk (1910 - 1963), 1983 - 163,96 moh.
BSicon exGRENZE.svg Sporet er i si heilheit fjern herfrå.
BSicon exBRÜCKE.svg Løkken Verk (? m) Rv700, brua riven 1984
BSicon exKDSTe.svg 25,30 km Løkken Verk Kissilo, industrianlegg

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alle årstal i parentes bak stasjonar og haldeplassar viser til opphavleg drift før museumsbaneperioden. Tal utanfor parentes viser til endringar med omsyn til stasjonar, haldeplasser, planovergangar m.m. som har skjedd etter 1983. Alle originale haldeplassar vert også nytta av museumsbanen, sjølv om desse ikkje er oppgjevne med årstal 1983 eller seinare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]