Slaget ved Helgeå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snorre fortel at kong Olav let bygge storskipet «Visunden» vinteren før slaget ved Helgeå. Etter alt å døme vart skipet sett på land ved Kalmar etter slaget. Seinare må det ha blitt henta attende til Noreg, då det er nemnt at Magnus den gode brukte skipet.

Slaget ved Helgeå i Skåne var eit sjøslag mellom ein engelsk/dansk flåte leia av kong Knut den store, og ein norsk/svensk flåte leia av kongane Olav Haraldsson og Anund Jakob. Årstalet er omdiskutert, men mest truleg skjedde det omkring september i 1026.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I år 1026 var kong Knut den store herskar over England og Danmark. I Noreg var Olav Haraldsson (den heilage) konge etter at han erobra landet i 1016. Kong Anund Jakob var blitt konge over Sverige etter at faren, Olof Skötkonung døydde i 1022. I Danmark hadde kong Knut sett Ulf Torgilsson jarl til riksforstandar, han var gift med Estrid, kong Knut si syster.

Kong Knut hadde før denne tida sendt sendemenn til kong Olav og hadde gjort krav på Noreg, truleg med tanke på å gjenopprette ladejarlen sitt herredøme over Noreg og gi styret attende til sin systerson, Håkon Eiriksson jarl. Men kong Olav hadde gitt avslag, og ikkje lenge etter fekk han i stand eit forbund med den svenske kongen Anund Jakob og i fellesskap gjekk dei til åtak for å legge under seg Danmark[1]. Kong Olav hadde bydd ut leidangen til denne krigsferda, men leidanghovdingane ville ikkje vere med på ein strid utanom landegrensene og drog heim att då kong Olav gjorde det kjent at han ville gå til åtak på danske områder. Kong Olav hadde likevel ein stor flåte og fekk støtte av mange av stormennene i landet.

Då kong Knut i England fekk høyre at norske og svenske hærstyrkar var i ferd med å gjere angrep på Danmark, samla han ein stor flåte og drog til Danmark for å verje landet. Snorre skriv at Håkon Eiriksson jarl var hovding i denne hæren og fleire norske stormenn hadde slutta seg til flåten hans, mellom andre Tore Hund og hersen Erling Skjalgsson. Det er i denne samanhengen at Snorre fortel at kong Knut hadde eit drakeskip på seksti rom og Håkon jarl ein drake på 40 rom.

Både eldre og nyare historieskriving vil gjerne gjere gjeldande at kongane Olav og Anund gjekk til åtak mot Danmark som ein forsvarskrig, fordi kong Knut skulle ha hatt planer om å legge under seg alle dei skandinaviske landa. Dei eldste kjeldene gir likevel inga støtte for ein slik konstruksjon, og det er liten tvil om at det var dei to kongane, med kong Olav i spissen, som starta ein erobringskrig. Danmark hadde på denne tida ei svak styring, kong Knut sin son Hardeknut var då berre om lag åtte år gamal og dei danske stormennene kivast om makta i landet.

Kong Olav og kong Anund for hardt fram med herjing i bygdene i Skåne (dansk område), og Snorre skriv at «dei la landet under seg vidt og breitt». Men då dei fekk høyre at kong Knut var komen frå England og hadde samla ein stor flåte i Limfjorden, drog dei seg austover langs med landet, til dei kom til elva Helgeå. Der samla dei styrkane sine for å halde slag mot danskane.

Stad og tid for slaget[endre | endre wikiteksten]

Det er nemnt fleire stader i dei norrøne kjeldene at slaget stod ved ei elv som vart kalla Helgeå. I Den angelsaksiske krønika[2], er det òg skrive at slaget stod ved «holmen ved den heilage elva» (Þam Holmeæt ea Þare halgan). I ei dråpa til kong Knut nemner skalden Ottar Svarte[3] at slaget stod ved ei heilag elv (þars ô en helga). I nyare historieskriving har det vore diskusjon omkring lokaliseringa av slagstaden, men den vanlegaste oppfatninga er at slaget stod i Hanöbukten, ved utløpet av elva Helgeå (Helgeån) i nærleiken av Åhus i Kristianstad kommune på austkysten av Skåne.

Årstalet for slaget varierer sterkt i dei ulike kjeldene og tolkingane, frå år 1022 til 1031. I Den angelsaksiske krønika er opplysningane om slaget ført opp under året 1025. Det som synes å vere mest truverdig er likevel år 1026, noko som òg stemmer best med hendingane før og etter slaget. Mest pålitande er opplysningane om at kong Knut i 1027 hadde vore på ei reise til Roma, der han mellom anna var med på kroninga av keisar Konrad 26. mars 1027. På bakgrunn av eit brev (sjå nedanfor) han skreiv under heimreisa våren 1027, har ein kome fram til at slaget må ha funnet stad året før.

Slaget[4][endre | endre wikiteksten]

Bilete frå vår tid: Helgeåa sitt utløp mot Hanöbukta.

Då kong Knut gjekk til angrep på inntrengarane kom det til kampar både på land og sjø. Det skal ha vore ei mindre trefning på ein stad som Saxo Grammaticus[5] kallar Stangeberg, og eit slag ved Gårdstånga nær Lund er omtala. Det avgjerande sjøslaget stod likevel utan tvil i Hanöbukta.

Snorre fortel at det var seint på dag då flåten til kong Knut nådde fram til Helgeå. Den norske og svenske flåten hadde då reist ut frå hamna og låg reiuge til slag, ute i rom sjø. Kong Knut let då skipa sine ligge i ro over natta, og mange av skipa vart lagt inn i bukta framfor elvemunninga. Om natta, eller om morgonen skal det ha kome ei stor flaumbølgje ned gjennom elva og mange av danskeskipa vart skadde, medan andre vart tekne av straumen og ført ut på havet. I dette kaoset byrja slaget og mykje tyder på at kong Knut vart påført skade og stort mannetap i byrjinga. Men etter kvart fekk kong Knut organisert styrkane sine, og det kom til eit stort slag der mange fall på begge sider. Sogene er samstemte om resultatet av slaget: kong Olav og kong Anund innsåg at dei ikke kunne vinne nokon siger over kong Knut, og dei let skipa drage ut or slaget og rømde deretter austover langs med landet, til svensk område. Kong Knut, på si side, gjorde ingen freistnader på å følgje etter flyktningane, men styrte med heile flåten sin attende til Sjælland.

Det er i Heimskringla vi finn den mest detaljerte skildringa av slaget ved Helgeå, men Snorre si prosaiske forteljing kan truleg ikkje reknast som historisk pålitande i alle detaljar. Det kan likevel ikkje vere tvil om at slaget verkeleg skjedde og dei fleste, samtidige kjeldene er einige om at det var kong Knut som gjekk av med sigeren. Den angelsaksiske krønika opplyser at det var størst mannefall mellom dei danske og engelske styrkane og at det var svenskene som sigra, men i ly av det som hende seinare, verkar dette ikkje truverdig. Skalden sa dette i «Knutsdråpa»[3] (siste verset): Kampraske konge, du slo Svearne, der det heiter Helgeå. Hverken kong Olav eller kong Anund gjorde fleire freistnader på å gjere hærferd mot Danmark.

Skadeflaumen[endre | endre wikiteksten]

Snorre fortel at kong Olav og mennene hans bygde ei demning oppe i elva og skapte deretter ein ofseleg flaum som gjorde stor skade på kong Knut sine skip, til og med den store draken til kong Knut skal ha blitt teken av flaumen og ført ut på havet, der fiendeflåten låg og venta. Det verkar lite truverdig at dei, på kort tid, var i stand til å forårsake ein så stor flaum som er skildra. Topografien rundt elva er òg slik at ein vanskeleg kan tenke seg korleis ein slik skadeflaum kunne bli skapt, og truleg er Snorre si forteljing rein dikting, eller i beste fall ei sterk overdriving. I dei samtidige skaldekvada finn vi ingen antydingar til hverken oppdeminga av elva eller flaumen.

I krønika til Saxo Grammaticus er det ikkje nemnt noko om ein skadeflaum, men der finn ein ei fantasifull forteljing om hærmenn som samla seg på ei bru over elva, og om brua som brått brast under dei slik at mange danske hærmenn drukna.

Etter slaget[endre | endre wikiteksten]

Kong Knut let skipa sine halde vakt ved Øresund, slik at den norske flåten vart hindra i å segle heim att. Kong Olav og dei norske hovdingane hadde difor ikkje noko anna val enn å la skipa bli verande i Sverige og Snorre skriv at dei vart sett på land «aust for Kalmar». Deretter gjekk dei norske hærstyrkene over land, opp gjennom Småland, deretter til Vika der dei fikk seg vinteropphald ved Sarpsborg. Kong Olav hadde reelt sett ikkje kongsmakt i Noreg etter denne ferda, han hadde mist heile skipsflåten sin og hadde trulig lite med folk. Sigvat Skald nemner dette i eit skaldevers, han hadde for få folk og mindre av skip[6]. Etter det sogene fortel om det som skjedde seinare, brukte han truleg det neste året på skaffe seg nye skip og nye hærstyrkar, som han deretter nytta i den mislukka hærferda nordover mot Trøndelag, i desember 1028.

Kong Knut vart liggande med flåten sin i Danmark den hausten. Han konsoliderte si makt i Danmark, mellom anna let han drepe Ulf Torgilsson jarl, fordi han hadde vore illojal. Truleg hadde Ulf gitt en viss stønad til den norsk/svenske styrken då åtaket på Danmark vart innleidd. Ikkje lenge etter reiste Håkon jarl attende til England og kong Knut reiste på pilegrimsferd til Roma. Våren 1028 rusta dei ut ein ny, stor flåte og segla nord til Trøndelag. Då vart kong Knut vald til konge over Noreg, og han gav deretter styringa av landet til han som skulle kome til å bli den siste ladejarlen, Håkon Eiriksson jarl.

Brevet våren 1027[7][endre | endre wikiteksten]

Brevet som kong Knut skreiv under heimreisa fra Roma, har gitt grunnlag for utdjupande opplysingar i tilknyting til slaget ved Helgeå. I brevet finn vi ei formulering om at … eg (kong Knut) vil returnere den same vegen som eg reiste, eg reiser no til Danmark, for å gjere fredsavtale …. med dei nasjonar og folk som ville ha teke mitt liv og mi krone, om det hadde vore mogeleg (for dei) … Av dette forstår ein at kong Knut, rett etter slaget ved Helgeå, la ut på Roma-ferda, med avreise frå Danmark,.

Brevet er innleia slik: CANUTE, king of all England, and of Denmark, Norway, and part of Sweden.
Sjølv om det er nokså sikkert at han vart valt til konge over Noreg først i 1028[2], ser det altså ut til at han rekna sigeren ved Helgeå som avgjerande, og at kong Olav etter dette ikkje lenger var å rekne som herskar over Noreg. Formuleringa «del av Sverige» gjer det sannsynleg at kong Knut etter slaget utnytta si militære overmakt og la under seg svenske landområde. Eit moment som styrker denne teorien, er at det er gjort funn av myntar med teksten CNVT REX SV[8], som då skulle tyde: Cnut Rex Sveorum.

Helgeå ligg i det som ble kalla Skånelanda, eller dei skånske landskapa, og var alt dansk. Ein teori er det at kong Knut etter slaget la under seg landskapet Blekinge. I reiseskildringa til Wulfstan fra Hedeby[9] frå slutten av 800-talet, blir Blekinge nemnt som svensk område, men må seinare ha blitt dansk då det vart overført frå Danmark til Sverige i Freden i Roskilde i 1658.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Slaget er nemnd i flere av dei norrøne sogene, mest detaljert i Heimskringla (kap.145-151) og Fagerskinna (kap.138-146). Slaget er òg omtala i Gesta Danorum (Danmarks krønike) av Saxo Grammaticus, men i ein versjon som er sterkt avvikande frå dei øvrige sogene. I krønika til William av Malmesbury[7] er slaget omtala og der er òg referert (s.199) brevet som kong Knut skreiv under heimreisa frå Roma i 1027. Slaget ved Helgeå er òg nemnd i fleire skaldevers, både av Ottar Svarte, Sigvat Skald og Tord Sjåreksson[10].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soga om Olav den heilage kap.145, med litt av Knutsdråpa
  2. 2,0 2,1 The Anglo-Saxon Chronicle (Part 4: A.D. 1015–1051) Online Medieval and Classical Library
  3. 3,0 3,1 Ottar Svarte Knútsdrápa, vers 11
  4. Soga om Olav den heilage Om slaget ved Helgeå: kap.150
  5. Saxo Grammaticus Danmarks krønike (Om Knut i 10. bok)
  6. Skaldic Project Lausavise av Sigvat Skald.
  7. 7,0 7,1 William of Malmesbury's Chronicle m.a. brevet frå kong Knut, ref. side 199
  8. King Canute’s Coinage in the Northern Countries B. Malmer , London 1972
  9. Ottars og Wulfstans nordiske rejsebeskrivelser ca. 890 (Aarhus Universitet)
  10. Skaldic Project Tord Sjåreksson: vers frå ei arvedråpa om kong Olav

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]