Oskeerle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oskeerle

Status i verda: LC Livskraftig

Oskeerle Foto: Bernard Dupont
Oskeerle
Foto: Bernard Dupont
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Motacillidae
Slekt: Motacilla
Art: M. capensis
Namn på andre språk
  • Engelsk: Cape wagtail
  • Vitskapleg namn
    Motacilla capensis

    Oskeerle (Motacilla capensis) er ein sporvefugl i erlefamilien som lever i Afrika sør for Sahara. Ho har storleik som linerle eller er marginalt større enn linerla.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Oskeerla er ei erle med ganske lite iaugefallande fjørdrakt, relativt kort hale, med olivengrå overside og andlet. Ho har ei brungul augebrynstripe, supercilium, og ei mørk stripe frå auget til nebbet, tygel. Strupe og øvre bryst er kvitt, undersida er kremkvit og kan vise eit svakt, rosa fargeskjer på nedre bryst og buk. Brystbandet er grått og sidene av brystet og flankane er olivengråe. Dei brune til svarte vengene har bleike fjørkantar, halen er nesten svart, men dei to ytre halefjørene er kvite. Undergumpen er òg kvit. Kjønna er like. Dei tre underartane har varierande breidde på brystbandet og syner òg andre mindre ulikskapar i fjørdrakt. Juvenile fuglar liknar på dei vaksne, men er brunare på oversida og har meir gulfarge på undersida. Kroppslengda varierer mellom 17 og 21,5 centimeter, vekta er rundt 20 gram.[1]

    Oskeerla lever i sørlege Afrika, frå sørlege regionar av Angola og sørlegaste delen av Den demokratiske republikken Kongo sør til Western Cape og Kapp det gode håp i Sør-Afrika. Dei finst òg så langt aust som Zimbabwe, men har fråvere frå tørre område i Kalahari i Botswana. Ein isolert populasjon lever i Rwanda, Burundi, grenseområdet Kongo og Uganda og litt inn i Kenya og Tanzania.[2]

    Oskeerla kan finnast i nesten alle typar opne område i nærleiken av vatn, dessutan langs kystlinja, på gardar, i landsbyar, på dyrka land, i parkar, hagar og i bysenter.[1] I Aust-Afrika er dei generelt funne over 2.000 moh.[3]

    Oskeerla si hovudføde er virvellause dyr, for det meste insekt, og dei beitar ofte nær husdyr. Fangstteknikken går vanlegvis på å gå eller springe på bakken kor dei plukkar eller spiddar insekt. Men dei kan òg vade på grunt vatn, og fangar då insekt på overflata eller ned i vatnet. Anna føde enn insekt er registrert å inkluderer små krabbar, tanglopper, sniglar, flått, rumpetroll, småfisk og menneskeleg hushaldsavfall.[1]

    Oskeerle er ein monogam, territorial art som hekkar parvis. Foreldra held saman gjennom ei rekkje hekkesesongar. Hekkesesongen kan vere i alle månader i året, avhengig av leveområdet, og dei kan ha opp til seks kull i ein sesong. Begge kjønna rugar i til saman 13-15 dagar. Foreldra matar ungane i reirperioden, 14-18 dagar og vidare 20-25 dagar etter at ungane er ute av reiret.[1]

    Følgjande reirparasittar er kjente: raudbrystgauk, Cuculus solitarius og diderikgauk, Chrysococcyx caprius.[1]

    Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Tyler, S. (2018) Cape Wagtail (Motacilla capensis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 1. mai 2018
    2. 2,0 2,1 BirdLife International (2018) Species factsheet: Motacilla capensis. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. mai 2018
    3. Zimmerman, Dale A.; Turner, Donald A.; Pearson, David J. (1996). Birds of Kenya and Northern Tanzania. Helm. s. 505–506. ISBN 0-7136-3968-7. 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oskeerle