Osmund Faremo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Osmund Faremo
Fødd23. november 1921
Hylestad
Død16. april 1999 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
BarnGrete Faremo
Alle verv

Osmund Faremo (23. november 192116. april 1999) var ein norsk arbeidarpartipolitikar, motstandsmann og målmann. Han vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder i fem periodar, frå 1965 til 1985. Han var vararepresentant i periodane 1958–1961 og 1961–1965. Faremo var ordførar i Bygland kommune i periodane 1958–1959 og 1963–1966, og varaordførar i 1962–1963.

Faremo var fødd i Hylestad i Aust-Agder. Under krigen slutta motstandsmannen Faremo seg til Milorg. I februar 1943 vart han arrestert av Gestapo og etter kvart send til konsentrasjonsleirar i Tyskland og Austerrike, som såkalla Nacht und Nebel-fange. Faremo vart sett fri med Dei kvite bussane, og gav i 1987 ut boka Takk for livet, Emil, om tida i fangenskap.

Osmund Faremo tok initiativet til å skipe Løvebakken Mållag i 1974, og var formann i laget frå 1978 og fram til og med 1985. Han var formann i Norsk-Jugoslavisk Samband og Venner av Israel i Norsk Arbeiderbevegelse (VINA).

Han var far til politikaren Grete Faremo.

Stortingets presidentskap[endre | endre wikiteksten]

  • 11. oktober 1977–30. september 1981 Sekretær i Lagtinget

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Faremo mottok Kongens fortenstmedalje i gull i 1993. Han fekk Ordenen av det jugoslaviske flagget med stjerne og vart i 1970 tildelt DDR sin æresmedalje for kamp mot fascismen. I 1998 fekk Faremo Forsvarsforeningens medalje. I 1979 var han heidra med målpris frå Bygland Mållag og i 1981 fekk han heidersteikn frå Norske Kommunars Sentralforbund. I 1987 vart Faremo kåra til «Årets Setesdøl».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]