Otto Kristian Hiorth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Kristian Hiorth
Otto Christian Hiorth.jpg
Fødd 8. november 1850

Trondheim

Død 15. mai 1906
Oslo
Parti Høgre

Otto Kristian Hiorth (8. november 185015. mai 1906) var ein norsk lege og politikar frå Trondheim.

Hiorth vart student i 1869 og var cand.med. frå Det Kongelige Frederiks Universitet i 1876. Dei fylgjande 17 åra hadde han ei rad legestillingar, mellom anna som privatlege i Vågå 1877–79 og i Rakkestad 1879–83, samt distriktslege i Ytre Nordfjord 1883–92 med bustad i Selje. I 1892 vart han distriktslege i Levanger, der han engasjerte seg sterkt for betre pleieforhold for tuberkuløse. Etter bybrannen i 1897 fekk Hiorth i oppgåve å leie oppbygginga av dei hygieniske tilhøva i byen.

Hiorth var fleirårig medlem av Levanger bystyre, der han var ordførar i 1901. Han var også 1. vararepresentant til Stortinget frå valkrinsen Trondhjem og Levanger 1904–06; seinhaustes 1904 møtte han i fire veker for Bernhard Brænne, og sidan for Andreas Berg frå 20. januar 1906 til Hiorth sjølv døydde.

Hiorth døydde av hjartesvikt under stortingssamlinga i Kristiania våren 1906.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]