Idaho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Idaho
delstat
Boise Idaho.jpg
Flagg
Våpen
Land Flag of the United States.svg USA
Del av det kontinentale USA
Hovudstad Boise
Areal 216 443 km²
 - land 214 044 km²
 - vatn 2 398 km²
Folketal 1 716 943 (2017)
Folketettleik 8 / km²
Guvernør Brad Little
Før innlemming Territoriet Idaho
Innlemma i USA 3. juli 1890
Statsnummer 43.
Forkorting ID

Idaho
45° N 114° W
Idaho in United States.svg
Wikimedia Commons: Idaho
Nettstad: idaho.gov

Idaho er ein delstat i USA. Han grensar mot Montana i nordaust, Wyoming i aust, Utah og Nevada i sør, Washington og Oregon i vest og mot Canada i nord. Delstatshovudstaden er Boise.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Idaho er ein fjellstat som ligg i fjellkjeda Rocky Mountains. Ei av elvene i delstaten, Snake River, renn gjennom den djupe dalen Hells Canyon. Det meste av folkesetnaden held til sør i delstaten, der den største byen Boise ligg. Andre byar i sør er Pocatello og Twin Falls. Elles husar delstaten byane Lewiston, som ligg ved ei elv og er den einaste hamnebyen i Idaho, og Coeur d'Alene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området hadde kring 8 000 innfødde innbyggjarar då Lewis og Clark-ekspedisjonen vitja det i 1805.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Gruveindustrien etter sølv og bly, har vore viktig for Idaho. Det mest kjende jordbruksproduktet er potetar, og Idaho står for ein tredel av potetproduksjonen i USA. På 1970-talet etablerte også dataverksemder seg i Idaho.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Idaho
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.