Hjelmkolibriar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oxypogon)
Hjelmkolibriar
Okerhjelmkolibri, Oxypogon stuebelii Foto: Juan José Arango
Okerhjelmkolibri, Oxypogon stuebelii
Foto: Juan José Arango
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Hjelmkolibriar Oxypogon
Gould, 1848

Hjelmkolibriar (Oxypogon) er ei biologisk slekt i kolibrifamilien, Trochilidae. Dei fire artane i slekta lever i Colombia og Venezuela. Føretrekte, naturlege habitat er subtropiske eller tropisk høgtliggande grassletter, kjent som páramo. I år 2014 vart tre underartar anerkjente som nye artar i slekta.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Oxypogon-slekta vart først skildra av den franske ornitologen Auguste Boissonneau i 1840. Ein studie av mitokondriell DNA av kolibriar viser at slekta er nærast nærskyld til stolakolibri, Oreonympha nobilis, og brunkronenålkolibri, Chalcostigma ruficeps. Den andre medlemmen av slekta Chalcostigma låg utanfor gruppa, noko som indikerer at taksonomi av Chalcostigma kanskje treng gjennomgang i framtida.[2]

Den vanlegaste arten, kvitskjegghjelmkolibri, Oxypogon lindenii, måler 114 mm i lengd, det er ein liten kolibri med ein svært kort, 8 mm lang nebb. Vaksne hannar har ein særeigen peikande svart fjørtopp og rufsete kvitt skjegg. Andletet og kinna er gråsvarte, ramma inn av den kvite fjørtoppen, kvitt skjegg og krage. Undersida er kjedeleg grøngrå. Hoa manglar skjegget og fjørtoppen.[3][4]

Hjelmkolibriar lever i nordlege Andes, ein art i høgder på 3600-4500 moh. i Venezuela,[4] og tre artar Colombia, 3200-5200 moh.[3] Hovedhabitat er páramo, men dei kan trekke ned til tregrensa utanom hekkesesongen.[4]

Alle artane kviler ofte på steinblokker og vandrar mellom lågblomstrande buskar, dei kan vitjar blomar av slektene Espeletia, Echeveria, Siphocampylus, Castilleja and Draba.[4]

Alle fire hjelmkolibriar har hekkesesongen i regntida, og hekkar i Espeletia-plantar, eller byggjer reir i ein bratt fjellskrent.[4]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Oxypogon i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Proposal (609) to South American Classification Committee, Split Oxypogon into four species på bakgrunn av Collar & Salaman, 2013.
  2. McGuire, Jimmy A.; Witt Christopher C.; Remsen, J. V. Jr; Dudley R.; Altshuler, Douglas L. (2008). «A higher-level taxonomy for hummingbird» (PDF). Journal of Ornithology 150: 155–65. doi:10.1007/s10336-008-0330-x. 
  3. 3,0 3,1 Steven L. Hilty, Bill Brown (1986). A guide to the birds of Colombia. Princeton University Press. s. 295. ISBN 0-691-08372-X. Henta 11. august 2023. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Steven L. Hilty, Rodolphe Meyer de Schauensee (2003). Birds of Venezuela. Princeton University Press. s. 432. ISBN 0-691-09250-8. Henta 11. august 2023. 
  5. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  7. BirdLife International (2014) Species factsheet: Oxypogon stubelii. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. august 2023
  8. BirdLife International (2014) Species factsheet: Oxypogon cyanolaemus. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. august 2023
  9. BirdLife International (2014) Species factsheet: Oxypogon lindenii. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. august 2023
  10. BirdLife International (2014) Species factsheet: Oxypogon guerinii. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. august 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hjelmkolibriar