P!nk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
P!nk
P!nk - V2017 Hylands Park Chelmsford - Saturday 19th August 2017 PinkVFest190817-35 (36356783410) (cropped 2).jpg
Fødd8. september 1979
FødestadDoylestown
FødenamnAlecia Beth Moore
OpphavUSA
Aktiv1995–
Sjangerpop, Poprock, moderne R&B
Instrumentvokal
Stemmetypealt
PlateselskapRCA Records, Legacy, Jive Records, Arista Records, LaFace Records
Verka sommodell, låtskrivar, dansar, musikkprodusent, talsperson, singer-songwriter
MorJudith Moore
FarJim Moore
Gift medCarey Hart
BornWillow Hart, Jameson Hart
PrisarAmadeus Austrian Music Award, Grammy Award for Best Female Rock Vocal Performance, BRIT Award for International Female Solo Artist, Daytime Emmy Award, MTV Video Music Award for Video of the Year, Grammy Award for Best Pop Collaboration with Vocals, Grammy Award for Best Pop Collaboration with Vocals, MTV Video Music Award for Best Video from a Film, MTV Video Music Award for Best Female Video, MTV Video Music Award for Best Dance Video, MTV Video Music Award for Best Pop Video, MTV Video Music Award for Best Collaboration, Michael Jackson Video Vanguard Award, Billboard Music Awards

Alecia Beth Moore, kjent som P!nk eller Pink (fødd 8. september 1979) er ein amerikansk songar og låtskrivar fødd i Doylestown i den amerikanske delstaten Pennsylvania. Ho hadde gjennombrotet sitt med debutalbumet Can't Take Me Home i 2000. Stemmen hennar har ofte vorte samanlikna med Janis Joplin, som P!nk har uttalt er ein av forbileta hennar.[treng kjelde]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Alecia Beth Moore vart født i Doylestown i Pennsylvania som dotter av James og Judy Moore; ho er av irsk og tysk opphav på farssida og av litauisk-jødisk på morssida. Ho har òg ein bror ved namn Jason. Ho høyrer til ikkje nokon religion.[treng kjelde]

Som lita var P!nk glad i å synge og danse. Ho var med i gospelkoret i kyrkja og har òg sunge opera. Som tenåring var ho songar i eige lokalband kalla Middleground. Mora og faren skilde seg då P!nk var liten, noko som gjekk hardt innpå henne. Ho skreiv songen «Family Portrait» frå albumet Missundaztood om skilsmålet. Faren var vietnamveteran og politisk aktiv. Dette virkte inn på oppsedinga til P!nk; ho lærde tidleg å utvise sympati med dei svake gruppene i samfunnet. P!nk var ikkje gammal før ho hjelpte faren med å dele ut mat til heimlause. Då ho var 16 år gammal deltok ho på «open mic» på Club Fever. Ho imponerte stort, og DJen lét henne synge kvar helg. Under ein av desse framferdene var det ein representant frå eit plateselskap tilstades. Han leitte etter ein tredje medlem til ei jentegruppe og var svært imponert over det han så. Alecia slutta på skulen, Central Bucks West High, og vart med i gruppa Choice som bestod av 3 kvite jenter som song RnB. Gruppa varte i 2 1/2 år. Men folk hadde fått auga opp for Alecia og ho fekk tilbodet om solokontrakt. Ho tok kallenavnet P!NK, (inspirert frå karakteren Mr. Pink i filmen Reservoir Dogs).

7. januar 2006 gifta ho seg med motorsyklisten Carey Hart på ei strand i Costa Rica etter å ha vore forlova med han sidan 26. juni 2005, der ho fridde til han. Det vart slutt mellom dei i februar 2008, og skulle skiljast, men fann tilbake til kvarandre i mai 2009.

Norgesbesøk[endre | endre wikiteksten]

9. november 2009 heldt P!nk konsert i Oslo Spektrum med turneen Funhouse Festival, 25. juli 2010 opptredde ho med sitt Summar Carnival på Odderøya i Kristiansand for over 10 000 tilskodarar.[1] Konserten var den siste på P!nk sin lange europaturné.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Julie Falkevik Tungevåg, Sirkus på Odderøya, Fædrelandsvennen 26.07.10