Hopp til innhald

Éjina

Éjina
Lokalt namn Αίγινα
Hamna i Éjina
Hamna i Éjina
Geografi
StadSaroniabukta i Egearhavet
Koordinatar37°45′N 23°26′E / 37.750°N 23.433°E / 37.750; 23.433
ØygruppeDei saroniske øyane
Areal87,41 km²
Høgaste punktÓros (532 moh.)
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Største busetnadÉjina by (6 633 innb.)
Demografi
Folketal12 911 (2021[1])
Folketettleik147,7 /km²

Éjina (gresk skrift Αίγινα) eller Aegina er ei av Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas, 50 km frå Athen. Tradisjonen seier at namnet kjem av Aigina, mor til Aiakos som var fødd på og herska over øya. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2] Administrasjonssenteret er Éjina by, som ligg på den nordvestlege enden av øya. På grunn av plasseringa i forhold til Athen er øya ein populær utfartsstad i sommarmånadane, og mange atenarar eig sommarhus her.

Éjina har ei trekanta form med eit areal på 87 km². Øya er 13 km lang frå nordvest til søraust og 15 km brei.

To tredelar av Éjina er ein utdøydd vulkan. Den nordlege og vestlege sida består av steinete, men frodige sletter, der ein mellom anna dyrkar korn, bomull, vinranker, mandel, oliven og fiken, men mest karakteristisk er pistasje. Økonomisk er òg fiske etter svampar viktig.

Den sørlege, vulkanske delen av øya er kupert og berglendt, og stort sett aude. Den høgaste toppen er Óros i sør. Ein fjellrygg strekkjer seg nordover derifrå med smale, frodige dalar på kvar side.

Stranda Ajía Marína sett frå ein lokal restaurant.

Strendene på øya er ein populær turistattraksjon. Båtar frå Athen kan nå øya på 20 minutt, men vanlege ferjer bruker opp mot ein time.

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Éjina by6 8676 633
Kypséli2 1242 166
Vathý1 4951 449
Pérdika680699
Mesagrós575679

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Ajía Marína (281)
  • Álones (267)
  • Vaía (236)
  • Kondós (137)
  • Ejinítissa (78)
  • Pórtes (76)
  • Sfendoúri (70)
  • Tzíkides (67)
  • Anítseo (23)
  • Pakhía Rákhi (14)
  • Kávos (10)
  • Moní Kimíseos Theotókou (8)
  • Kylindrás (6)
  • Kapótides (5)
  • Lazarídes (4)
  • Vlákhides (3)




Småøyar i kommunen:

  • Eleoúsi (Lagoúsa) (0)
  • Panajítsi (Lagousáki) (0)
  • Stakhtorroí (0)
  • Ypsilí (0)
  • Moní (0)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]