Indoarisk språkhistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Indoiransk språkhistorie strekkjer seg over nesten fire tusen år. Det er vanleg å dele ho inn i tre historiske stadium: Urindoarisk (vedisk, klassisk sanskrit), mellomindoarisk (prakritspråk, pali, apabhramsha) og nyindoarisk (dei indoariske språka som blir snakka frå cirka 1000 e.kr til i dag, som hindi, urdu, bengali og gujarati).

Førhistorie[endre | endre wikiteksten]

Som medlemmer av den indoeuropeiske språkfamilien stammar dei indoariske språka frå eit tenkt indoeuropeisk urspråk, som ein tenkjer seg blei talt i fjerde eller tredje tusenår f.Kr. på steppene i det som i dag er sørlege Russland. Frå den urindoeuropeiske befolkninga delte det seg ei gruppe som brukte nemninga «ariar» (arya) om seg sjølv, og som talte eit forstadium til dei indoiranske språka. Etter at dei hadde opphalde seg ei tid i Baktria, delte dei seg omkring 2000 f.kr i ei iransk og ei indoarisk grein.[1] Iranarane slo seg ned i det som i dag er nordlege og vestlege Iran, mens indoarierne innvandra i fleire bølgjer til den indiske halvøya, truleg rundt 1500 f.kr.[2] Det eldste språklege teiknet på eit indoarisk nærvære stammar frå det hurrittiske Mitanni-riket i nordlege Mesopotamia og nordaustlege Syria. Der fanst det på 1500- til 1200-talet f.kr ein herskande klasse med eintydig indoariske namn som dyrka vediske gudar, som Indra. I ei lærebok i hesteskjøtsel, som mitanniaren Kikkuli forfatta på 1400-talet f.kr på hettitisk, finst visse fagomgrep som er blitt lånt inn frå indoarisk.[3] Desse tidlege indoariske spora i vestlege Asia forsvann sporlaust etter at Mitanniriket gjekk under.

Urindoariske språk[endre | endre wikiteksten]

Den urindoariske fasen byrjar med indoariarane si innvandring til India i løpet av det andre tusenåret f.Kr. Denne innvandringa fann truleg stad i fleire bølgjer eller i løpet av ein lang tidsperiode. Etter kvart breidde indoariarane seg ut i nordlege India og trengde ut språka til urbefolkninga, men ikkje utan å bli påverka av dei. Mykje tyder derfor på at dei dravidiske språka og mundaspråka ein gong blei talt i eit mykje større område, før dei blei trengt tilbake til respektivt sørlege område og fjell- og skogområde av den indoariske ekspansjonen. Ein tidlegare idé om at indoariarane er ei innfødd befolkning i India og skal ha grunnlagt Indusdalkulturen, er dermed ikkje språkvitskapleg haldbar.[4]

Vedisk og klassisk sanskrit blir kalla urindoarisk eller urindisk. Vedisk, språket som Veda-skriftene er skrivne på, er den eldste bevarte indoariske språkforma. Dateringa av tekstane, som i lang tid berre blei vidareførte munnleg, er usikre, men dei eldste hymnane i Rigveda må ha oppstått kort tid etter at indoariarane innvandra til India etter midten av det andre tusenåret f.Kr. Vedisk utgjer ei arkaisk form av sanskrit med større grammatisk formrikdom og visse forskjellar i fonologi og ordforråd. Forskjellen frå klassisk sanskrit tilsvarer omtrent forskjellen mellom språket Homer brukte og klassisk gresk. Språket i brahmanaer og sutraer er eit mellomstadium mellom vedisk og klassisk sanskrit.

For å ta vare på ein feilfri resitasjon av dei heilage tekstane blei vitskapen om fonetikk og grammatikk tidleg utvikla i India. Denne blei fullført i Panini sin grammatikk. Omkring 300 f.kr kodifiserte denne grammatikken eit danna språk for overklassa. Det enkle folket snakka på denne tida allereie mellomindoariske språkformer. Nemninga «sanskrit» (sa?skr̥ta 'tilrettelagt') står òg i motsetning til omgrepet «prakrit» (prakr?ta «naturleg»), som ein summerer dei mellomindoariske språka med. Panini sin grammatikk blei normativ for klassisk sanskrit. Følgjeleg blei sanskrit som litteraturspråk konservert på eit arkaisk stadium, og eksisterte over ein lang tidsperiode som eit religions- og lærdomsspråk, som latin i Europa. Denne stillinga har sanskrit til ei viss grad halde på fram til moderne tid. Den indiske grunnlova reknar til og med sanskrit som eit av den 22 nasjonalspråka i landet.

Blomstringstida til sanskritlitteraturen var i midten av det første tusenåret e.Kr. Dette inneber at for eksempel ein diktar som Kalidasa, som truleg levde på 400-talet, skreiv verka sine i ei tid då sanskrit lenge berre hadde vore eit skriftspråk, og heldt seg til reglar som blei forumlerte av ein grammatikar som hadde levd 700 år før han. Til forskjell frå lyd- og formlæra var syntaksen så å seie uregulert av Panini, og kunne derfor under påverknad av dei mellomindoariske språka utvikle eigenartar som ikkje ville ha vore vanlege i dei tidlegare stadia av urindoarisk. Karakteristisk for klassisk sanskrit er ein utbreidd bruk av passivkonstruksjonar og danning av omfattande samansetjingar med opptil 20 delar.

Mellomindoariske språk[endre | endre wikiteksten]

Dei mellomindoariske språka oppstod allereie frå ca. 600 f.kr frå urindoarisk. Då dei talte formene av urindoarisk var nokolunde einskaplege, er den vanlege påstanden om at spesifikke mellomindoariske språk «oppstod frå sanskrit» villeiande. Kjenneteikna for utviklinga frå ur- til mellomindoarisk er ei forenkling av formlæra og den fonetiske strukturen til orda (for eksempel sanskrit trividya til pali tevijja). Fleire mellomindoariske språkvariantar er blitt bevarte. For desse bruker ein ofte samlingsomgrepet «prakrit». Dei eldste språklege vitnesbyrda om mellomindoarisk og samtidig dei eldste skriftlege leivningane i India er edikta til keisar Asjoka, som blei nedskrivne på ei rekkje ulike regionale dialektar. Desse har blitt bevarte i innskrifter i stein frå ulike delar av India, skrive med brahmi-skrifta. Dei reformerande religionane buddhismen og djainismen brukte prakrit for skriftene sine. Sjølv i diktinga blei stiliserte former av prakrit brukt, delvis parallelt med sanskrit. Det klassiske sanskritdramaet er fleirspråkleg: Dei mannlege hovudpersonane snakkar sanskrit, kvinnene sauraseni-prakrit, komiske rollefigurar snakkar magadhi-prakrit, og dei lyriske songane er forfatta på maharashtri-prakrit.

Dei mellomindoariske språka kan delast inn i tre fasar. Den tidlegaste fasen blir representert av pali, som er det viktigaste mellomindoariske språket i eigenskap av språket i hinayana-kanonen og mykje annan buddhistisk litteratur. I buddhistiske land som Sri Lanka, Burma og Thailand har pali status som klassisk språk. Dei seinare prakritvariantene blir inndelt i ei vestleg og ei austleg grein. Hovudforma av vestleg prakrit, sauraseni, var utbreidd i området ved elvane Ganges og Yamuna. Det var dessutan standardforma av prakrit i drama og språket i visse djainistiske tekstar. Til austlege prakrit høyrde magadhi, språket i <landet Magadha i noverande Bihar. Det blir òg brukt for å framstille lågare klasser i sanskritdrama. Geografisk og språkleg inntok ardhamagadhi («halvmagadhi»), som blei talt i Kosala (dagens austre Uttar Pradesh), ei mellomstilling. Den tidlege djainistiske kanonen er skriven på ardhamagadhi. Maharashtri, forløperen til dagens marathi, var beslekta med ardhamagadhi. Det blir brukt framfor alt som språk i poesien, samt for songane i sanskritdrama. Fonologisk utgjer det den mest framskridne dialekten i den mellomste fasen. Utanfor India finst niya-prakrit belagt i handskrifter frå 200- til 600-talet som forvaltingsspråk for indoariske grupper i Xinjiang. Beslekta med det er det noko eldre gandhari, språket i indoariske Khotan-manuskript frå det første hundreåret.

Ved midten av det første tusenåret kom neste stadiet av mellomindoarisk, det ein kallar apabhramsha (apabhra?sa «forderva språk»). Omgrepet blir generaliserande brukt for alle indoariske dialektar frå den seine mellomindoariske fasen. Apabhramsha var grammatisk endå meir forenkla enn prakritspråka, og utgjorde allereie eit overgangsspråk til nyindoarisk. Det viktigaste litteraturspråket frå denne perioden var nagara-apabhramsha. Dessutan fanst fleire regionale apabhramshaer som utgjer forgjengarane til dei noverande indoariske språka.

Singalesisk er eit særtilfelle, då singalesarane innvandra til Sri Lanka allereie rundt 500 f.Kr., trulrg frå Gujarat.[5] Språket deira utvikla seg i ein eigen retning i isolasjon frå dei andre indoariske språka. Frå første hundreåret f.kr finst eit singalesisk prakrit bevart i innskrifter. Det singalesiske tilsvaret til apabhramsha-fasen er elu.

Nyindoariske språk[endre | endre wikiteksten]

Overgangen frå mellom- til nyindoarisk fann stad rundt 900–1100 e.Kr. Denne fasen er dårleg dokumentert. Dei første tekstane på nyindoariske språk dukka opp relativt seint: Bevart frå 1100-talet finst ei kort innskrift på marathi og ei glose på bengali. Det eldste litterære verket på marathi kom i 1290, på gujarati i 1394, og på urdu omkring år 1400.[6]

I dei nyindoariske språka blei den grammatiske utviklinga som avteikna seg allereie i den mellomindoariske fasen fullstendig gjennomført. Berre restar frå den gamle flekterande språkstrukturen blei bevart, og i staden blei det utvikla ein ppAnalytiske språk|analytisk struktur]]. Nokre språk utvikla perifrastiske og agglutinerande former. Her er dei vestlege språka generelt meir konservative enn dei austlege. Spesielt mange arkaiske element har blitt bevart i dei dardiske språka. Framfor alt når det gjeld ordforrådet, etterlét dei muslimske sultanane av Delhi og mogulane, som hadde persisk som hovudspråk, og den britiske kolonitida seg spor i dei indoariske språka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på bokmål oppgave desse kjeldene:

  • Berger, Hermann (1995). Dietmar Rothermund, red. Die Vielfalt der indischen Sprachen. Indien. Kultur, Geschichte, Politik, Wirtschaft, Umwelt. Ein Handbuch. (på tysk) (München: C. H. Beck). s. 101–110. 
  • Bloch, Jules (1995). Indo-Aryan. From the Vedas to modern times. (på engelsk). Paris: Libraire d’Amérique et d’Orient Arien Maisonneuve. 
  • Cardona, George (1990). Bernard Comrie, red. Indo-Aryan Languages. The Major Languages of South Asia, the Middle East and Africa (på engelsk) (London: Routledge). 
  • Cardona, George og Dhanesh Jain (red.) (2003). The Indo-Aryan Languages (på engelsk). London: Routledge. ISBN 0700711309. 
  • Masica, Colin P. (1991). The Indo-Aryan Languages. (på engelsk). Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0521299446. 
  • Zograph, Georgij A. (1982). Die Sprachen Südasiens (på tysk). Leipzig: VEB Verlag Enzyklopädie. 
Fotnotar
  1. Masica: The Indo-Aryan Languages, s. 36
  2. Masica: The Indo-Aryan Languages, s. 37
  3. Jules Bloch: Indo-Aryan. From the Vedas to modern times. , Paris 1965, s. 11
  4. Masica: The Indo-Aryan languages, s. 37 ff
  5. Masica: The Indo-Aryan languages, s. 45
  6. Bloch: Indo-Aryan, s. 24