Pantheon i Roma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pantheon frå framsida.
Foto: Frode H. Korneliussen
Kuppelen i Pantheon.
Foto: Frode H. Korneliussen
Pantheon, interiør måla av Giovanni Paolo Pannini

Pantheon er ein av dei best bevarte bygningane og viktigaste monumenta frå den romerske keisartidsarkitekturen. Han vart truleg bygt i 120-åra av keisar Hadrian. Den norske forskaren Lise Hetland har disputert på at bygget vart reist av murstein stempla i åra 114, 115 og 116 og ho meiner at det kan vere reist under keisar Trajan, ikkje keisar Hadrian som ein tidlegare hevda.[1] Seinare vart Pantheon utbetra av Septimus Severus kring år 200.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei tileigning gjev Agrippa, svigersonen til Augustus, som byggherre i år 27 f.Kr., men denne bygningen er heilt vekke, sjølv om ein inskripsjon på fasaden framleis seier at det var «Marco Vipsanio Agrippa, konsul for tredje gong» som reiste bygget. I år 80 vart det øydelagd, gjenoppbygd under Domitian, øydelagd av lynnedslag i år 110 og så gjenoppbygd igjen. I år 609 fekk pave Bonifatius VI Pantheon som gåve av den bysantinske keisaren Fokas. Bygningen vart innvigd som Maria-kyrkje 13. mai. I det høvet sørgde paven for å lagra 28 vognlass med relikviar frå kristne martyrar i katakombene i Pantheon og namnet på tempelet var no «Santa Maria ad Martyres». Innviingsdagen, 13. mai 609 eller 610, vart feira som ein årleg martyrfest fram til pave Gregor III flytta han til 1. november, hovudsakleg fordi hausten med sine velfylte matlager er ein betre tid for forsyne store pilegrimsflokkar med mat; men først i 835 kravde pave Gregor IV at Ludvig den fromme skulle innføre allehelgensdag i heile kongeriket sitt (Frankrike, Tyskland og den nordlege delen av Spania).

I 663 fjerna den bysantinske keisaren Constans II dei forgylte taksteinane. Gregor III dekte taket med bly i staden. [2]Giovanni Lorenzo Bernini lagde sine snodde søyler til høgalteret i Peterskyrkja i 1632, let pave Urban VIII smelte om bronse frå taket på Pantheon. At bygningen enno står, skuldast rett og slett at han vart vigsla til kyrkje i 609/10. Like fullt vart den utvendige marmor-kledinga fjerna i mellomalderen.[3]

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Pantheon er sett saman av to bygningselement, ei søylefasade med ein klassisk tempelgavl av den tradisjonelle typen med arkitrav og ein kuppelforma sylinder. Den siste er bygt i typisk, romersk materiale, teglkledd betong. Murane var opphavleg marmorkledde. Kuppelen har same diameter som høgde (43,30 meter) og er innebygt i muren slik at berre den øvste delen er synleg utanfrå. Kuppelen er den største som vart reist i heile romartida. Då arkitekten Filippo Brunelleschi skulle teikne kuppelen til domkyrkja i Firenze meir enn tusen år seinare, klatra han, skjult av nattemørket, opp på taket av Pantheon for å studere bygningsteknikken, [4] og etter Firenze-domen kom kuppelen til Michelangelo i Peterskyrkja. Bak tempelgavlen er ein søyleboren forhall som vert oppleve som utovervendt.

Pantheon er ein gravplass for kunstnarar, til dømes ligg målaren Rafael gravlagd her. Òg kongane til Italia etter 1870 ligg gravlagt her - Vittorio Emanuele II og Umberto I med dronninga si Margherita. Årsaka er det dårlege forholdet mellom stat og kyrkje etter Italia vart samla, slik at paven ikkje ønskte å ha hovudkyrkja som gravstad for kongane. I staden vart Pantheon teken i bruk.

Interiøret[endre | endre wikiteksten]

Inne i rotunden finn vi den største steinkvelven i verda med ein diameter på 43,30 meter. Sylinderen er oppdelt i to soner, ei nedre som er rikt artikulert og ein strengare øvre som fører til kassettetaket i kuppelen. Totalhøgda er lik diameteren, 43,30 meter.

I den nedre sonen er det sju nisjar, ein hovudnisje og tre mindre på kvar side av den. Opphavleg stod det statuer av dei sju planetgudane her, ein i kvar nisje, medan ein åttande nisje rommar bronseporten frå Hadrian-tida, som framleis tener som inngangsdør. Kvar dag klokken tolv lagar sola ein lyssirkel rett over inngangsdøra.

Øvre sone har tolv mellomrom mellom dei falske vindauga. Dette er òg eit kosmisk tal og viser til dei tolv teikna i zodiaken som må ha stått her. Det meste av denne sonen er rekonstruksjonar frå 1700-talet med grunnlag i teikningar frå renessansen.

Rommet har berre ei lyskjelde, nemleg eit rundt lysauge (oculus), som er 9 meter i diameter, midt i kuppelen. Taket er altså ope og det kan derfor regne rett inn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pantheon i Roma

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag og tid vitja 2. februar 2010
  2. Gyldendals reiseguider: Roma (s. 111), Oslo 2006, ISBN 82-05-36133-9
  3. Pål Bang-Hansen: Roma (s. 79), forlaget Damm, ISBN 82-496-0697-3
  4. Pål Bang-Hansen: Roma (s. 79)

Koordinatar: 41°53′55″N 12°28′37″E