Patsjisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Patsjisibrett med brikker og indisk terning.

Patsjisi (hindi पचीसी, også skrive pachisi og pacheesi) er eit brettspel som stammar frå det gamle India og er kjend som forløparen til ludo (kjend som parchis i Spania og Parcheesi i USA). Spelet er ei tevling om å få brikkene sine først rundt ei ruteløype og så til sentrum av brettet. Det kan ha to eller fire spelarar; fire spelarar kan danna lag mot kvarandre.[1]

Gudeparet Sjiva og Parvati speler tsjaupar eller patsjisi.

Spelet går føre seg på eit krossforma brett, tradisjonelt laga av klede, med fire ulikt farga spelebrikker for kvar spelar og seks kauriskjel eller indisk terning til å avgjera korleis ein spelar kan flytta.

Namnet «patsjisi» er avleidd av hindi patsjis som tyder 'tjuefem'. Dette er den største verdien ein kan få av kauriskjelkasta i det vanlegaste verdisystemet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Draupadi blir tapt i terningspel i Mahabharata, her representert av patsjisi i ein illustrasjon frå slutten av 1800-talet.

Patsjisi er blitt kalla Indias nasjonalspel.[2] Dette og liknande indiske spel kjende som tsjaupar ('spel') har lang tradisjon i India, og er kjende frå ei rekkje samanhengar. Gudepar som Sjiva og Parvati er blitt avbilda medan dei speler slike spel, mellom anna i eit bilde frå 500- eller 600-talet.[3] Eit spel med terningar er også sentralt i handlinga i det sentrale hinduverket Mahabharata. Ofte går ein ut frå at spelet som hovudpersonane er med i der er patsjisi, men dette treng ikkje stemma.[4] Skikkeleg patsjisi er ikkje dokumentert frå før 1500-talet.

Midtsteinen i eit stort golvbrett for tsjaupar/patsjisi i mogulpalasset Fatehpur Sikri.

Blant stormogulane var patsjisi/tsjaupar populært. Særleg Akbar den store var glad i spelet, og skal ha fått kjempemessige brett laga i alle palassa sine. Her spelte han mot hoffolk med seksten slavar kledde i ulike fargar som «brikker». Midtpunktet i brettet var ein stor stein på fire føter, og desse kan ein framleis sjå i Agra og Allahabad.[5]

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Perlebrodert patsjisispelt ved The Children's Museum of Indianapolis.

Patsjisibrettet er forma som ein kross med eit stort kvadrat i midten (tsjarkoni) der ein starter og ender spelet. Kvar arm har tre rader med ei rekkje av åtte ruter kvar. Tolv ruter er freda som «borger» der brikker ikkje kan takast. Desse ligg på enden av kvar midtrad og som nummer fire frå byrjinga av dei ytre radene. Brettet kan vera av ulike material, men den vanlegaste forma er ei stykke sterkt tøy med rutene broderte på. Broderia kan vera enkle eller forseggjorte, i nokre høve med perlebroderi.

Kvar spelar har fire bikubeforma brikker som har ein farge for kvar spelar, typisk svart, grøn, raud og gul. I nokre variantar kan spelarar ha opptil 16 brikker kvar.

Sju kauriskjel, eit indisk terningsett eller ein vestleg terning kan brukast til å avgjera korleis spelarane kan flytta brikkene.

Spelets gang[endre | endre wikiteksten]

Sju kasta kauriskjel.

To spelarar som sit overfor kvarandre kan spela, eller fire spelarar dannar to lag (gult og svart mot raudt og grønt). Spelaren eller laget som får alle brikkene til målet først vinn. Spelet startar og sluttar i midten.

Ved bruk av kauriskjel kastar ein dei og ser kor mange av dei som landar med opningen øvst. Kombinasjonen avgjer korleis ein kan flytta og kven som startar. Som regel bruker ein seks skjel, men i nokre variantar bruker ein sju, som gjev litt ulike verdiar.

Verdiar for seks kauriskjel
Kauriskjel Verdi Bonus?
0 25 Ja
1 10 Ja
2 2 Nei
3 3 Nei
4 4 Nei
5 5 Nei
6 6 Ja
Verdiar for sju kauriskjel
Kauriskjel Verdi Bonus?
0 7 Ja
1 10 Ja
2 2 Nei
3 3 Nei
4 4 Nei
5 25 Ja
6 35 Ja
7 14 Ja

Den som får høgast verdi ved starten av spelet byrjar; deretter går turen mot klokka. I nokre variantar får ein ikkje starta før ein får verdien 2, 3 eller 4.

Verdiane 6, 10 og 25 gjev ein bonus som gjer at dei kan setja ei brikke i spel og får ein ny tur. I andre variantar gjer 10, 25 og 30 at ein kan setja ei brikke i spel medan 7 og 14 gjev bonusar. Brikkene går først langs midtraden der spelaren som styrer dei sit. Deretter kan dei flyttast mot klokka langs yttersidene.

Ein spelar kan ha så mange brikker han vil i spel på ein gong. Spelaren kan velja kva brikke han vil flytta blant dei som er i spel, eller kan velja å ikkje flytta. I nokre variantar kan ein spelar flytta så mange brikker han vil for kvart kast. Kan han ikkje flytta noka brikke så langt han har verdi til, mister han turen.

Etter å ha gått rundt brettet skal ei brikke tilbake opp midtraden til sentrum, som ho berre kan gå inn i om spelaren får nøyaktig det han treng til å få henne inn. Brikker som har unnagjort rundturen kan leggast på sida for å markera at dei er ferdige.

I mange variantar kan meir enn ei brikke frå same lag eller spelar vera i ei rute. Landar ei brikke i same rute som ein motstandar står i, blir motstandaren si brikke teken, og må tilbake til start. Tekne brikker kan berre bli med i spelet att gjennom eit bonuskast. Den som tek ei brikke, får gjerne eit tilleggskast. I nokre variantar av spelet kan ikkje spelarar venda tilbake til midten før dei har teke minst ei brikke frå ein motstandar.

Dersom ei brikke står i ei borg kan ikkje ein motstandar flytta inn i henne. Fire borger, ei for kvar spelar, ligg 25 ruter før midten. Det er vanleg å la brikkene venta i desse til ein slår nøyaktig 25. Dette er opphavet til namnet patsjisi, eller «twenty five».

Kast som gjev bonus fører også til at ein kan gjera nye kast. Desse blir gjort før ein flytter, og ein kan velja kva brikker ein skal bruka dei til. Ein kan bruka alle kasta på éi brikke, eller bruka dei på fleire.

Det finst ei rekkje små variantar av reglane. I nokre spel kan ein berre ta brikka i mål med eit bonuskast. Nokre gonger skil ein kasteverdien og bonus, slik at ein bonus gjer at ein kan ta ei brikke ut i spelet, men berre ei brikke som alt er i spel kan gå skritta. Ofte straffar ein tre bonuskast på rad med å fjerna den siste bonusen og la spelaren stå over neste tur.

Dersom alle brikkene til ein spelar er i spel og han får ein bonus, kan han få ein tilleggsverdi som gjer at ei brikke kan flytta ein ekstra plass.

Tilknytte spel[endre | endre wikiteksten]

Utstilling i Det sveitsiske spelmuseet av brett for patsjisi og tilknytte spel.

Det finst mange indiske spel som minner om patsjisi, og som kan vera forløparar eller avleiingar av spelet. Tsjaupar følgjer eit liknande løp, men har noko andre reglar. Asjte kasjte er eit liknande løpsspel der brikkene går i ein spiral inn mot midten. Eit koreansk spel, yut eller yunnori, har eit løp rundt eit brett med eit liknande verdisystem for kast. I dette spelet kan spelaren sjølv forma løypa noko.

Patolli er eit brettspel kjend blant aztekarane som minner om patsjis. Parqués er ein kolombiansk variant av spelet som truleg byggjer både på det indiske og det innfødde spelet.

Kommersielle avleiingar av spelet utvikla i Vesten er elles mellom anna ludo, spanske parchis og dei amerikanske variantane Parcheesi og Sorry!

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mohr 1997, p. 68.
  2. Finkel, Irving. Round and Round the Houses: The Game of Pachisi,. i Mackenzie, Colin; Finkel, Irving, Asian Games: The Art of Contest, Asia Society. s. 46–57. ISBN 0-87848-099-4. 
  3. Murray 1913, p 50; Parlett 1999, p 43.
  4. Finkel 2004, p. 47.
  5. Falkener 1892, pp. 257–58, som byggjer på M.L. Rousselet: India and its Native Princes, 1876.

Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]