Pave Johannes Paul I

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Paul I

Ioannes Paulus I
DåpsnamnAlbino Luciani
Fødd17. oktober 1912
Forno de Canale
Død28. september 1978
Roma
Vald26. august 1978
Innsett27. august 1978
Saligkåra:Ikkje saligkåra
Heilagkåra:Ikkje heilagkåra
Festdag:Ingen
Føregangar:Paul VI
Etterfylgjar:Johannes Paul II

Johannes Paul I (17. oktober 191228. september 1978) var pave frå 26. august 1978 til han døydde berre 33 dagar seinare. Han rakk ikkje å setje sitt preg på paveembetet, men vart etter innsetjinga samanlikna med Johannes XXIII. Eigenskapar som særleg vert trekt fram i omtalen av han er vennlegheit og audmjukskap.

Før pavevalet[endre | endre wikiteksten]

Den komande paven var fødd Albino Luciani, i Forno de Canale, som no heiter Canale d'Agordo, i Belluno i Italia. Han studerte ved bispedømmet Belluno sitt seminar, og vart ordinert som prest den 7. juli 1935. Han tok seinare ei doktorgrad i teologi ved Det pavelege universitet Gregoriana i Roma. Frå 1937 til 1947 var han viserektor ved seminaret i Belluno, og underviste òg i dogmatisk teologi, moralteologi, kyrkjerett og kyrkjekunst.

I 1948 vart han pro-generalvikar, og i 1958 generalvikar for bispedømet Belluno. I 1958 vart han så utnemnd til biskop av Vittorio Veneto av Johannes XXIII. Han deltok i alle sesjonar av det andre Vatikankonsil (19621965). 15. desember 1969 vart han utnemnd til patriark av Venezia av Paul VI, og 5. mars 1973 til kardinal av same pave.

Etter Pave Paul VI sin død vart Luciani vald til pave den 26. august 1978, og innsett neste dag. Angeluspreika hans på innsetjingsdagen viste han som ein varm person med sans for humor, og imponerte tilhøyrarane sterkt.

Den smilande paven[endre | endre wikiteksten]

Johannes Paul I sitt segl

Etter valet gjorde Johannes Paul det klart at han ynskte å «menneskeleggjere» paveembetet. Han fortalde offentleg at han hadde vorte knallraud av flauheit då han fekk vete at Paul VI hadde utnemnt han til patriark av Venezia. Som fyrste pave uttalte han seg i eintalsform, som «eg» og ikkje «vi». I talane slik dei er bevart for ettertida går ikkje dette alltid fram; dei vart gjerne endra til det tradisjonelle majestetiske fleirtal før dei vart trykt i pressemeldingar og L'Osservatore Romano.

Johannes Paul I var òg den fyrste som avviste sedia gestatoria, berestolen som paven tradisjonelt har brukt. Han gjekk likevel med på å bruke den etter at rådgjevarane hadde forklart han gongen hans verka upassande; han var plattfot og gjekk difor på ein spesiell måte. Etter at han var død har plattfotheita vorte trekt fram som eit positivt, menneskeleg trekk ved han.

Han var svært skeptisk då han vart vald, og måtte overtalast til å akseptere embetet. Han skal ha sagt til kardinalane: «Måtte Gud tilgje dykk for det dykk har gjort for mi skuld»; bemerkninga skal ha vorte levert med det smilet som gav han tilnamnet «Den smilande paven». Mottoet hans var Humilitas, «audmjuke».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pave Johannes Paul I