Pave Pius XI

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pius XI

Pius XI
DåpsnamnAchille Ratti
Fødd31. mai 1857
Desio
Død10. februar 1939
Vatikanstaten, Roma
Vald6. februar 1922
Innsett12. februar 1922
Føregangar:Benedikt XV
Etterfylgjar:Pius XII

Pius XI, opphavleg Achille Ambrogio Damiano Ratti (31. mai 185710. februar 1939) var pave frå 6. februar 1922 til han døydde. I tida hans som pave slutta Den heilage stolen og Kongeriket Italia Lateranovereinskomsten, som anerkjende Vatikanet som stat. Dette bidrog til ei forsoning mellom den katolske kyrkja og den italienske staten, etter at denne hadde invadert Kyrkjestaten i 1870.

Første år[endre | endre wikiteksten]

Den første signinga til pave Pius Xi.

Valet av kardinal Ratti til pave ved konklaven i 1922 var ei stor overrasking. Ratti hadde berre vore erkebiskop av Milano i rundt eit år. Då føregjengaren Benedikt XV plutseleg døydde av lungebetennelse blei det innkalt til ein konklave som skulle bli den lengste på nittenhundretalet. Først etter den fjortande avstemminga blei det klart at Ratti var vald til ny pave.

Det første han gjorde som ny pave, var å halda den tradisjonelle urbi et orbi-talen ('til byen og verda'), noko pavane før han ikkje hadde gjort sidan den italienske staten annekterte det meste av pavestaten i 1870. Dette var ei politisk handling, som indikerte at Pius ville halda ei meir offensiv stilling i høve til deipolitiske spørsmåla i samtida.

I 1854 uttalte den dåverande paven seg mot «den gudløse og fordervelige oppfattelsen» om at det skulle finnast frelse utanfor den romersk-katolske kyrkja. Som reaksjon på økumeniske verdensmøte i 1925 og 1927 erklærte Pius XI at ein ikkje måtte delta i dei, «for enheten som Kristus ønsker det, kan ikke skapes med, men kun i den katolske kirken». I Mortalium animos frå 1928 la han ned forbod for katolikker mot å delta i og å be for slike arrangement.[1]

I 1929 tok Pius til orde mot at begge kjønn skulle ha rett til utdanning, fordi «naturen selv» forbaud det.[2]

Lateranoverenskomsten[endre | endre wikiteksten]

I 1929 underteikna pave Pius Lateranovereinskomsten med den italienske regjeringa leia av Benito Mussolini. Avtalen gjorde slutt på den langvarige striden mellom pavestolen og Italia etter anneksjonen i 1870. I følgje traktaten blei Vatikanet anerkjend som suveren stat, mot at Vatikanet gav avkall på kravet på resten av sine tidlegare territorium. Andre pavelege eigedommar i Roma fekk ekstraterritoriell status.

Mellomkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Pave Pius XI og Eugenio Pacelli, den framtidige pave Pius XII, innvier Vatikanradioen i 1931. I bakgrunnen står Guglielmo Marconi.

Den katolske kyrkja blei svekka av å ha tatt parti mot Alfred Dreyfus i Dreyfussaka, og i mellomkrigstida satsa ein derfor på ei utvida misjonsverksemd. Pius formante alle biskopane om å engasjera seg i dette. Lærestolar i misjonsvitskap blei oppretta ved katolske læreanstaltar. Sentraliseringa av misjonen under Roma auka, men skulle vera skild frå politiske og nasjonale interesse.[3]

Under mottoet «Kristi fred i Kristi rike» arbeidde Pius målretta for å markere pavekyrkja sine verdiar i samfunnet. Gjennom den sentralstyrte «Katolsk Aksjon» skulle lekfolk bistå geistlegenmed dette, oppmuntra av kring 500 saligkåringar og 33 helgenkåringar. Pius tok avstand frå nasjonalismen som følgde i kjølvatnet av første verdskrigen, sjølv om pavekyrkja blei ein viktig støttespelar for den spanske diktatoren Franco. Då Pius kom til semje med Mussolini om «det romerske spørsmålet» ved hjelp av Lateranovereinskomsten, vann Mussolini prestisje, medan Pius til gjengjeld lét vera å kritisera invasjonen hans av Etiopia.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martin Schwarz Lausten: Kirkehistorie (s. 270), forlaget ANIS, Frederiksberg 1997, ISBN 87-7467-202-4
  2. Peter Normann Waage: Jeg – individets kulturhistorie (s. 413), forlaget Schibsted, Oslo 2008, ISBN 978-82-516-2600-2
  3. Martin Schwarz Lausten: Kirkehistorie (s. 267)
  4. Martin Schwarz Lausten: Kirkehistorie (s. 241-2)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Biografi ved The Cardinals of the Holy Roman Church