Pave Benedikt XV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benedikt XV
Pope benedict15.jpg
Benedictus XV
Dåpsnamn Giacomo della Chiesa
Fødd 21. november 1854, Genova
Død 22. januar 1922, Roma
Vald 3. september 1914
Føregjengar: Pius X
Etterfylgjar: Pius XI

Benedikt XV (fødd Giacomo della Chiesa21. november 185422. januar 1922) var pave frå 3. september 1914 til han døydde i 1922.

Benedikt var fødd Giacomo della Chiesa i ein adeleg familie i Genova. Han tok den juridiske doktorgraden i 1875, og studerte seinare ved presteskolar og ved Vatikanets diplomatakademi, før han gjorde karrière som diplomat i teneste for pavestolen.

I 1907 avslutta han den diplomatiske tenesta og vart erkebiskop av Bologna. I 1914 vart han utnemnd til kardinal, og i den eigenskapen heldt han ei tale ved utbrotet av fyrste verdskrig om kyrkja sin posisjon og kyrkja sine plikter, der han la vekt på kyrkja måtte vere nøytral, fremje fred og bote all liding. Konklavet opna i slutten av august, og den 3. september vart Giacomo della Chiesa vald til pave. Han tok namnet Benedikt XV.

Pontifikatet hans vart dominert av krigen og alle omkastingane som følgde med. Han organiserte omfattande humanitære aksjonar, mellom anna skipa han eit byrå som skulle hjelpe krigsfangar frå alle nasjonar å kontakte familiane sine, og gjorde fleire forsøk på å forhandle fred (mellom anna det velkjente pavelege forslaget frå 1917), men alle sider såg på han som vennlegsinna ovanfor fienden og var uvillige til å akseptere vilkåra han føreslo. Vatikanet vart ikkje tekne med i fredsforhandlingane då krigen slutta, men paven skreiv ut ein encyklika, Pacem Dei munus, der han bad om internasjonal forsoning. I etterkrigstida la han ned mykje arbeid i å utvikle den kyrkjelege administrasjonen til betre å kunne handtere det nye samfunnet som utvikla seg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pave Benedikt XV
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!