Pave Siricius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pave Siricius
Siricius.jpg
Siricius
FøddUkjent dato
truleg i Roma
Død26. november 399
Roma
Valddesember 384
Innsett17. desember 384
Heilagkåra:De facto kort tid etter sin død, formelt i 1748
Føregangar:Damasus I
Etterfylgjar:Aanastasius I

Pave Siricius (d. 26. november 399) sat som pave frå desember 384 til han døydde i 399.

Ifølgje Liber Pontificalis var han son av ein Tiburtius frå Roma. Som ung gut gjekk han i kyrkjeteneste, først som lektor og deretter som diakon.

Etter av pave Damasus I døydde i 384 stilte motpave Ursinus opp som kandidat, men Siricius blei enstemmig vald. Dette blei stadfesta av keisar Valentinian II av Romarriket den 25. februar 385. Det var tydelig at keiseren var nøgd med valet. Han bidrog med middel til å restaurera Paulusbasilikaen (San Paolo fuori le Mura, 'Sankt Paulus utanfor murane') i Roma. Siricius konsekrerte den nye kyrkja i 390; det står ein moderne søyle utanfor nordre søylehall til minne om dette.

Dekretalar – direktiv i disiplinære spørsmål – til Siricius er dei eldste som er bevart. Medan referansar til tidlegare dekretalar tyder på at dei var i ein broderleg tone, er dekretaliane til Siricius i ein autoritativ kansellistil som minnar om keisarlege edikt. Dei fekk automatisk status som lover.

Siricius bekrefta at arianarar som blei gjenopptekne i den katolske kyrkja ikkje skulle døypast på nytt. Han slo også fast at ein berre i særskilde høve skulle døypa på andre tidspunkt enn påske og pinse, noe som var ein gammal skikk. Han utstedte også reglar for sølibat, aldersgrense for kandidatar til ordinasjon og for botsdisiplinen.

Det var under pontifikatet til Siricius at keisar Theodosius den store forbaud alle heidenske ofringar. Medan kristendommen allereie var blitt statsreligion i Romarriket, blei han no den einaste lovlege.

Siricius døydde i Roma den 26. november 399. Han blei gravlagd i basilikaen San Silvestro nær Priscilla-katakomben. Dødsdatoen er minnedagen hans som helgen. Paven blei æra som helgen kort tid etter at han var død, men var ikkje med i dei offisielle helgenlistene, truleg grunna kritikk frå kyrkjefaren Hieronymus og Paulinus av Nola. Først i 1748 blei han føydd til listene av pave Benedikt XIV, som hadde skrive ei avhandling om han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]