Pavel Maslák

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pavel Maslák

Pavel Maslák Ostrava 2011.jpg

Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 21. februar 1991 (31 år)
Havířov
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Pavel Maslák (fødd 21. februar 1991) er ein sprintar frå Havířov i Tsjekkia som vart europameister på 400 meter i Helsinki i 2012 og vann sølvmedaljen på distansen i EM 2016.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2012 sletta Maslák den 33 år gamle tsjekkiske rekorden på 400 meter, fyrst presterte han 45,31 sekundar og sidan 45,17. I EM-finalen i Helsinki sprang Maslák i mål på tida 45,24 og til ein klar siger på distansen. Seks veker seinare forbetra han under dei olympiske leikane i London den nasjonale rekorden til 44,91 i forsøket. I semifinalen fekk han notert 45,15 og var ute av tevlinga. Han avslutta sesongen med 20,59 og tsjekkisk rekord på 200 meter.

I 2013 tok Maslák seg til finalen på 400 m ved VM i Moskva, der han vart femtemann på 44,91, tangering av landsrekorden. Den 9. mai 2014 forbetra han 400-meterrekorden til 44,79 sekundar ved eit stemne i Doha i Qatar.

Pavel Maslák I 2015

OL-sesongen 2016 kom Maslák på andreplass på 400 m ved EM i Amsterdam. Under OL i Rio de Janeiro var han med 45,06 sekundar sjanselaus i striden om finaleplass på distansen. Også i London-VM 2017 og Berlin-EM 2018 stoppa 400-meterstevlinga i semifinalane for hans del. Den 11. juni 2017 i heimelege Třinec flytta Maslák den nasjonale rekorden på 200 meter til 20,46 sekundar.

Maslák har vunne 400-meteren i tre hall-EM (2013, 2015, 2017) og to hall-VM (2014 og 2016), alle saman tevlingar med lita deltaking frå dei aller beste på distansen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]