Peder Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Nilsen
Fødd 22. februar 1846
Død 25. juli 1921
Parti Høgre

Peder Nilsen (22. februar 184625. juli 1921) var ein norsk offiser, jarnbanemann, stortingsmann og statsråd for Høgre.

Nilsen var fødd i Tønsberg, far hans var kasserar i sparebanken. Sjølv tok han eksamen ved krigsskulen 1867 og den militære høgskulen i 1871. Han var assistent og seksjonsingeniør ved anlegg på Rørosbanen, Jærbanen og Jarlsbergbanen frå 1872 til 1878. Distriktsingeniør og styrar for Hamar-Tynsetbanen 1878-93. Frå 1897 til 1911 var han overstyrar ved Hovedbanen.

Han var medlem 1882-89 av formannskapet i Hamar. Perioden 1889-91 var Nilsen stortingsmann for valkrinsen Lillehammer, Hamar og Gjøvik. 1889-sesjonen var han medlem og 1889-91 formann i jarnbanekomiteen.

Nilsen var statsråd og sjef for Arbeidsdepartementet frå 1893 til 1897, i regjeringar leia av Emil Stang d.e. og Francis Hagerup. I ein kort periode i 1897 var han statsråd ved Statsrådsavdelinga i Stockholm. Han var formann i ingeniørkommisjonen av 1905.

Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1893 og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1896.

Nilsen døydde 1921 på Hamar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]