Periferieininga Préveza
| Periferieininga Préveza Περιφερειακή ενότητα Πρεβέζας | |
|---|---|
| |
| Periferi | Ípiros |
| Hovudstad | Préveza |
| Folketal | 54 682 (2021[1]) |
| Areal | 1 036 km² Rangering 46. |
| Folketettleik | 53/km² |
| Kommunar | 3 |
| Postnummer | 48x xx |
| Retningsnummer | 268x0 |
| Bilnummer | PZ |
| Heimeside | www.preveza.gr |
Periferieininga Préveza (gresk Περιφερειακή ενότητα Πρεβέζας, Periferiakí enótita Prévezas) er ei periferieining i Hellas i periferien Ípiros.[2] Hovudstaden i periferieininga er Préveza.
Periferieininga grensar til Árta i aust, Thesprotía i nordvest og Ioánnina i nordaust.
Préveza vart oppretta som eit prefektur i 1913 då resten av Ípiros vart ein del av Hellas under den første balkankrigen. Prefekturet omfatta òg Levkáda, men i 1955 vart øya skild ut som eit eige prefektur i periferien Dei joniske øyane.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Tidlegare var Préveza eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.[2]
| Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune | Postnummer | Retningsnr |
|---|---|---|---|---|
| Préveza | Préveza | Préveza | 481 00 | 26820 |
| Loúros | 480 61 | |||
| Zálongo | 481 00 | |||
| Zirós | Anójo | 482 00 | ||
| Filippiáda | 482 00 | 26830 | ||
| Kranéa | 483 00 | |||
| Thesprotikó | 483 00 | |||
| Párga | Párga | 480 60 | ||
| Fanári | 480 62 | 26840 | ||
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Periferieininga består av dalar og åsar i nord og ruinane av Nikópolis og Kassópi. Fjellet Xerovoúni ligg heilt i nordaust. I sør ligg Ártabukta og i vest Det joniske havet.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Periferieininga har hovudsakleg middelhavsklima og normaltemperaturane varierer frå 28-30 °C til 35 °C. I høgareliggande strøk kan ein derimot få nokså kalde vintrar.
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
| Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
|---|---|---|---|
| Préveza | Préveza | 19 042 | 19 309 |
| Filippiáda | Zirós | 4 619 | 5 207 |
| Kanalláki | Párga | 2 513 | 2 542 |
| Párga | Párga | 2 088 | 2 216 |
| Loúros | Préveza | 1 938 | 1 769 |
| Thesprotikó | Zirós | 1 363 | 1 257 |
| Néos Oropós | Préveza | 1 304 | 1 127 |
| Mýtikas | Préveza | 1 142 | 1 052 |
| Kanáli | Préveza | 907 | 995 |
| Psatháki | Préveza | 930 | 910 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Folketeljing 2021
- 1 2 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Preveza Prefecture frå Engelsk Wikipedia .
