Árta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Árta
Lokalt namn Άρτα
Το γιοφύρι της Άρτας.jpg
Den gamle brua i Árta
Geografi
2011 Dimos Artas.png
Stad Ípiros
Koordinatar 38°09′28″N 20°59′12″EKoordinatar: 38°09′28″N 20°59′12″E
Areal 436,8 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Ípiros
Árta
Hovudsete Árta (21 895 innb.)
Demografi
Folketal 43 166 (2011[1])
Folketettleik 94,4 /km²

Árta (gresk Άρτα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn i Ípiros nordvest i Hellas. Han er òg hovudstad i periferieininga. Byen vart i antikken kalla Amvrakía (gresk Αμβρακία). Árta er kjend for den gamle brua over elva Árakhthos, som ligg vest for sentrum. Árta har òg mange ruinar frå antikken og eit gamalt slott frå 1200-talet, eit av dei best bevarte i Hellas. Den rike austromerske historia kan ein òg sjå av dei mange austromerske kyrkjene som ligg her. Den mest kjende av desse er kanskje Panajía Parigorítissa, bygd kring 1290 av despoten Nikeforos.

Árta ligg ved Ártabukta som er kalla opp etter byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det oppstod ein busetnad her omkring 800-talet fvt. og Amvrakía vart grunnlagd av korintarane600-talet fvt..

I 295 fvt. gjorde Pyrrhus av Ipiros, konge over molossarane, Amvrakía til hovudstad i kongedømet sitt. Han nytta byen som base då han gjekk til åtak på romarane. Pyrrhus vann store, men dyrekjøpte, sigrar mot romarane og vart kjend for uttrykket «pyrrhussiger», som referer til ei utveksling under slaget ved Asculum. I 146 fvt. vart Amvrakía ein del av Romarriket og provinsen Ípiros vart gjeve namnet Epirus Vetus, for å skilje han frå Epirus Nova i aust. Byen er ikkje nemnd under namnet Árta før 1082.

I 1204, etter Konstantinopel sitt fall under det fjerde krosstoget, vart han hovudstad i despotatet Ipiros. Despotatet strekte seg opp til Dyrrahio og inkluderte heile det nordvestlege Hellas, Thessalía og dei nordvestlege områda av Gresk Makedonia. Grunnleggaren var Mikael I Aggelos Komninos Doukas (1205-1215), ein slektning av den austromerske keisarfamilien Komninos. Etter korte periodar under dynastiet til italienarane Orsini (1318-1337), albanske klanar (1359-1416) og italienske herskarar (Carlo II Tocco, Leonardo III Tocco), erobra Det osmanske riket byen i 1449. Byen vart frigjeve frå osmanarane og annektert av Hellas i 1881 etter Berlintraktaten.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kommunen Árta, no kommunaleininga Árta

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 43 166 innbyggjarar, medan kommunaleininga Árta hadde 27 330 og tettstaden med same namn 21 895 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Árta Árta 21 895
Kostakií Árta 2 078
Khalkiádes Filothéi 1 284
Grammenítsa Vlakhérna 1 258
Anéza Amvrakikós 1 111
Eleoúsa Árta 1 093
Kalamiá Filothéi 1 018
Ájos Spyrídonas Filothéi 971
Kambí Xirovoúni 928
Áji Anárjyri Árta 756
Ammótopos Xirovoúni 618
Rókka Filothéi 613
Kalóvatos Filothéi 589
Rákhi Amvrakikós 574

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
  2. Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010 

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]