Peter Andreas Larssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Andreas Larssen
Fødd14. juli 1859
Balsfjord
Død9. januar 1928
Tromsø
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde

Peter Andreas Larssen (14. juli 18599. januar 1928) var ein gardbrukar, fiskar og stortingsmann frå Balsfjord. Han var medlem av Venstre.

Larssen var son til ein gardbrukar og fiskar. Han kjøpte i 1884 halvparten av den garden far hans hadde drive som leiglending. Fram til 1896 var han også fiskar.

Frå 1885 til 1902 var Larssen medlem av heradsstyret i Balsfjord, ordførar 1895-1902. Dei to periodane mellom 1898 og 1903 var han Tromsø amt sin 2. representant til Stortinget. I begge periodane var han medlem av Lagtinget og landbrukskomiteen. Både i 1901-sesjonen og i 1903-sesjonen var han permittert frå månadsskiftet mai-juni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]