Peter Angerer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Angerer
Peter Angerer 1984 Paraguay stamp.jpg
Fødd 14. juli 1959
Siegsdorf
Yrke skiskyttar
Peter Angerer på Commons

Peter Angerer (fødd 14. juli 1959) er ein tysk, tidlegare skiskyttar frå Siegsdorf i Bayern, som vart olympisk meister på 20 km under OL 1984 i Sarajevo. I perioden 1980-88 fekk han i alt ti medaljar i ulike vinter-OL og verdsmeisterskap i skiskyting, seks av medaljane kom i stafett-øvinga med det vesttyske laget.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Angerer fekk under OL 1980 i Lake Placid representere Vest-Tyskland i 4x7,5 km stafett, eit lag som kom på bronseplass. Fire år seinare tok han og Vest-Tyskland ein ny bronse på stafett, før han i OL 1988 i Calgary sikra sølv på stafetten. Han tok eit VM-sølv i stafett i 1981, og bronsemedaljar i skiskytings-VM 1985 og 1987.

Individuelt tok Angerer sine fyrste internasjonale medaljar under VM 1983 i Antholz i Italia. Han tok bronsemedaljen på 20 km, og fylgde opp med å ta sølvmedaljen på 10 km, der norske Eirik Kvalfoss vart verdsmeister med stor margin. Under dei olympiske leikane i Sarajevo i 1984 vann Angerer ein suveren siger på 20 km etter eit sterkt langrenn og god skyting. På 10-kilometeren under olympiaden kopierte han prestasjonen frå VM året før, nok ein gong måtte han sjå seg slått av Eirik Kvalfoss.

Angerer vann verdscupen i skiskyting i 1983, og vart nummer to både i 1984-sesongen og 1986. Han vann minst fem renn i verdscupen.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Etter VM i skiskyting 1986 fekk Angerer påvist stoffet methyltestosteron. Dermed vart han utestengd frå å delta i idrettstevlingar fram til 31. januar 1987.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

I dag driv Angerer ein langrennsskule i Ruhpolding.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar