Peter F. Wolf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter F. Wolf
Ray Reach Chuck Leavell Peter Wolf at 2008 BAMAs.jpg
Venstre til høgre: Ray Reach, Chuck Leavell og Peter Wolf i 2008 under Birmingham Area Music Awards (the «BAMA Awards»).
Fødd25. august 1952 (67 år)
FødestadWien i Austerrike
FødenamnPeter F. Wolf
OpphavAusterrike
Instrumentpiano
Verka somKlaverspelar
Produsent
Komponist
PrisarØsterrikes æreskors for vitenskap og kunst

Peter F. Wolf (fødd 26. august 1952) er ein austerriksk komponist, produsent, låtskrivar og arrangør. I 2002 vann han Den austerrikske æreskroseen for vitskap og kunst, 1. klasse (Österreichische Ehrenkreuz für Wissenschaft und Kunst).[1] Peter Wolf bur i Malibu med kona si, Lea Wolf-Millesi

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Wolf studerte klassisk piano ved Musikkonservatoriet i Wien. 16 år gammal vann han Europeisk jazzfestival som solopianist. Wolf fekk to gonger Deutscher Schallplattenpreis, ein tysk pris, for arbeidet sitt med Andre Heller og Erika Pluhar.

Han drog til Amerika tidleg i 20-åra og arbeidde med lokale musikarar som Neal Starkey (bassist) og Bill Hatcher (gitarist) i Atlanta og med Steve Sample, Jr. (trommeslagar, son av Steve Sample, Sr.) og Ray Reach (klaverspelar, gitarist, vokalist) i Birmingham i Alabama.

Etter ei stund flytta han til Los Angeles i California, der han spelte klaverinstrument for Frank Zappa seint i 1970-åra. Etter arbeidet med Zappa, gjekk han vidare til bandet Group 87 med Patrick O'Hearn, Terry Bozzio, Peter Maunu og Mark Isham.

Nyare prisar[endre | endre wikiteksten]

I 2008 fekk Wolf ein BAMA-pris (Birmingham Area Music Award) for samarbeidet sitt med musikkmiljøet i Birmingham.

Innspelingar med Frank Zappa[endre | endre wikiteksten]

Anna studioarbeid[endre | endre wikiteksten]

Wolf var ein av dei mest nytta klaverspelarane og arrangørane frå 1980 til 1985 og vart ein populær produsent og låtskrivar.[treng kjelde]

Peter Wolf produserte åtte førsteplassar og har produsert, arrangert og/eller skrive for mange musikalske talent. Dei størte hittane hans som produsent er:

Wolf arbeidde òg med andre artistar som Paula Abdul, Pablo Cruise, Grace Slick, Santana, Survivor, The Pointer Sisters, Chicago, Cliff Richard, Natalie Cole, The Scorpions, 'N Sync, Oleta Adams, Big Country, Lou Gramm, Sérgio Mendes, Boz Scaggs, Joe Sample, Thomas Anders, Laura Branigan, BB King, Zucchero og The Who.

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til arbeidet i rock- og popverda, har Wolf skrive mykje musikk for filmar, som Neverending Story III i 1993 og Weekend at Bernie's II. Wolf

Innspelingar som leiar[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1969 - A Change in My Life
  • 1980 - Tutti
  • 2000 - Progression - A Symphony by Peter Wolf
  • 2003 - The Other Side
  • 2004 - Sense-ation - A Symphony by Peter Wolf

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1969 - «Kraft durch Freude»
  • 1980 - «Tutti»(dedisert til venen Janus)

Gipsy Love[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1970 - Gipsy Love (The White Album)
  • 1972 - Here We Come

Wolf & Wolf[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1982 - Culture Shocked
  • 1984 - Wolf & Wolf

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1982 - «Think Pink»
  • 1984 - «Don't Take the Candy»

Vienna[endre | endre wikiteksten]

  • 1987 - Guess What?

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Reply to a parliamentary question» (pdf) (på tysk). s. 1509. Henta 6. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]