Sheik Yerbouti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sheik Yerbouti
Album av Frank Zappa
Utgjeve 3. mars 1979
Innspelt Stort sett:
24.-28. januar & 24.–28. februar 1978 - Hammersmith Odeon i London;
28-31. okt. 1977 - The Palladium, New York
Sjanger Progressiv rock, hardrock, instrumental rock, komedierock, punkrock, parodi av disco
Lengd 72:33
Selskap Zappa Records
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Sleep Dirt
(1979)
Sheik Yerbouti Orchestral Favorites
(1979)
Singlar frå Sheik Yerbouti
  1. «Dancin' Fool»
    Utgjeve: 1979
  2. «Bobby Brown»

Sheik Yerbouti er eit dobbelt konsertalbum med somme studioopptak[1][2][3] av Frank Zappa som er spelt inn i 1977 og 1978. Det vart gjeve ut 3. mars 1979 som den første utgjevinga på Zappa Records.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sheik Yerbouti presenterer eit stort vendepunkt i karrieren til Zappa. Det var det første albumet som vart gjeve ut på hans eige selskap etter han drog frå Warner Bros. Records, og la meir vekt på den komiske sida av tekstane hans enn tidlegare, og byrja ein periode med auka platesal og meir merksemd i media. Sheik Yerbouti er det mestseljande albumet til Zappa med over to millionar selde eksemplar verda over.

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Tittelen er eit ordspel: Zappa er avbilda på omslaget i arabisk hovudpryd, og namnet som, som er meint å likne arabisk transkripsjon, vert uttalt som tittlen på KC and the Sunshine Band sin discohit frå 1976, «Shake Your Booty».

Albumet bestod av satiriske og andre komiske og støytande tekstar. «Bobby Brown» er verdskjend, utanom i USA, der han vart bannlyst frå radio på grunn av den seksuelt ladde teksten. «I Have Been in You» gjer narr av Peter Frampton-hitten frå 1977, «I'm in You» og har òg ein seksuelt ladd struktur. «Dancin' Fool», som vart nominert til ein Grammy, vart ein populær discohit, trass i at han parodierer discomusikken. «Flakes», som handlar om motbydelege arbeidarar i California, inneheld ein parodi av Bob Dylan. «Jewish Princess», er eit komisk blikk på jødiske steroetypar, og fekk merksemd frå Anti-Defamation League, som Zappa nekta å unnskulde seg for, og hevda «I motsetnad til einhjørningar, finst slike skapningar - og dei fortener å bli 'feira' med sin eigen spesielle opus».[4]

Somme av soloane til Zappa frå albumet starta som improvisasjonar over tidlegare musikk av Zappa. «Rat Tomago» var ei forkorta utgåve av «The Torture Never Stops», som opphavleg kom ut på Zoot Allures; «The Sheik Yerbouti Tango» var ein konsertversjon av «Little House I Used to Live In», opphavleg frå Burnt Weeny Sandwich. Songen «City of Tiny Lites» kom med ein animasjonsvideo laga av Bruce Bickford, og vart vist på Old Grey Whistle Test.

Skriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av songane var konsertopptak, som så vart fiksa på i studio i ettertid. På kvar side av «Rat Tomago» ligg to korte stykke med musique concrète, laga av lydeffektar i studio og forskjellige musikalske fragment. Under innspelinga av «Rubber Shirt», kombinerte Zappa eit spor av Terry Bozzio som spelar trommer i ein musikalsk setting med ein av Patrick O'Hearn som spelar bass i ein heilt forskjellig musikalsk setting. Spora har forskjellig takt og tempo. Zappa omtalte denne teknikken som xenokroni. Nesten alle songane på albumet har spor lagt til i studio.

Albumet var òg kjend for å vere gjennombrotet for den kjende produsenten og lydteknikaren Joe Chiccarelli.[5] I eit intervju med HitQuarters sa Chiccarelli: «[Zappa sin] lydteknikar kunne ikkje vere med på innspelinga så han tok ein sjanse på meg. Eg er så takknemleg for at han gav meg sjansen til å få denne karrieren».[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Rolling Stone(positiv)[7]
Robert Christgau(C)[8]

Albumet fekk opphavleg middels kritikk, på grunn av dei kontroversielle tekstane. Albumet vart ein kultfavoitt blant fansen til Zappa. Songen «Bobby Brown» var særs populær i Skandinavia. Zappa var visstnok så forbløffa over dette at han bad CBS om å leige ein antropolog for å finne ut kvifor songen vart ein så stor hit.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa utanom der andre er nemnte. 

Side ein
# TittelInnspeling Lengd
1. «I Have Been in You»  25. januar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 3:33
2. «Flakes»  25. januar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 6:41
3. «Broken Hearts Are for Assholes»  27. januar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 3:42
4. «I'm So Cute»  Januar eller februar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 4:27
Side to
# TittelInnspeling Lengd
5. «Jones Crusher»  31. oktober 1977 - The Palladium, NYC 2:49
6. «What Ever Happened to All the Fun in the World»    0:33
7. «Rat Tomago»  Gitarsolo frå «The Torture Never Stops» spelt inn 15. februar 1978 - Deutschlandhalle, Berlin, Tyskland 5:17
8. «We've Got to Get into Something Real» (Oppført som «Wait a Minute» på CD-utgåva)  0:31
9. «Bobby Brown» (Oppført som «Bobby Brown Goes Down» på CD-utgåva) Januar eller februar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 2:49
10. «Rubber Shirt» (Bozzio/O'Hearn/Zappa)Bass: 25. september 1974 - Göteborg i Sverige 2:45
11. «The Sheik Yerbouti Tango»  Gitarsolo frå «The Little House I Used to Live In» den 15. februar 1978 - Deutschlandhalle, Berlin, Tyskland 3:56
Side tre
# TittelInnspeling Lengd
12. «Baby Snakes»  28. februar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 1:50
13. «Tryin' to Grow a Chin»  Januar eller februar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 3:31
14. «City of Tiny Lites»   Januar eller februar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 5:32
15. «Dancin' Fool»  28. februar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 3:43
16. «Jewish Princess»  30. oktober 1977 - The Palladium, NYC 3:16
Side fire
# TittelInnspeling Lengd
17. «Wild Love»  28. februar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 4:09
18. «Yo' Mama»  Vokal 28. februar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK; gitarsolo: 25. februar 1978 - Hemmerleinhalle, Neunkirchen am Brand, Tyskland; Delar av akkompagnementet 27. januar 1978 - Hammersmith Odeon, London, UK 12:36

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Frank Zappa – Sologitar, vokal, arrangør, låtskrivar, produsent, miksing
  • Adrian Belew – Rytmegitar, vokal, Bob Dylan-etterlikning
  • Patrick O'Hearn – Bass, vokal
  • Terry Bozzio – Trommer, vokal
  • Davey Moire – Vokal, lydteknikar
  • Ed Mann – Perkusjon, vokal
  • Tommy Mars – klaverinstrument, korvokal
  • Andre Lewis – klaverinstrument, korvokal
  • Napoleon Murphy Brock – korvokal
  • Randy Thornton – korvokal
  • Peter F. Wolf – klaverinstrument, smør, Flora Margarine
  • David Ocker – klarinett

Produksjon staff[endre | endre wikiteksten]

  • Bob Stone – Digital Remastering
  • Joe Chiccarelli – Remixing, Overdub Lydteknikar
  • Lynn Goldsmith – Fotografi
  • Peter Henderson – Lydteknikar
  • Bob Ludwig – Mastering
  • Kerry McNabb – Lydteknikar
  • Gail Zappa – Fotografi
  • Amy Bernstein – Design
  • Barbara Isaak – Assistent

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1979 Pop Albums 21[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lowe, Kelly Fisher (2007). «The Words and Music of Frank Zappa». ISBN 0803260059. 
  2. Norman, Katherine (9. februar 1998). «Poetry of Reality». ISBN 9780203986387. 
  3. Myers, Mitch (8. juli 2008). «The Boy Who Cried Freebird». ISBN 9780061734199. 
  4. The real Frank Zappa book
  5. 5,0 5,1 «Interview med Joe Chiccarelli». HitQuarters. 14 juni 2010. Henta 5. juli 2014. 
  6. Huey, S. (2011). «Sheik Yerbouti - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014. 
  7. Fricke, D. (2011). «Frank Zappa: Sheik Yerbouti : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Henta 5. juni 2014. 
  8. Christgau, R. (2011). «Robert Christgau: CG: Artist 4153». robertchristgau.com. Henta 5. juni 2014. 
  9. «Zappa Interviews». Henta 7 desember 2012. 
  10. «Salslister and Awards for Sheik Yerbouti». Allmusic. Henta 7. juni 2014.