Peter Thorvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Thorvik
Fødd 2. juli 1873

Volda

Død 16. august 1965
Parti Arbeidarpartiet

Peter Olai Sivertsson Thorvik (2. juli 187316. august 1965) var ein fiskar, arbeidar, fabrikkdrivar og mangeårig stortingsmann for sosialdemokratane og sidan Arbeidarpartiet, fødd i DalsfjordSunnmøre og busett i Idd i Østfold.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Thorvik var son til ein gardbrukar og fiskar på matrikkelgarden Torvik i Dalsfjord i Volda. Han dreiv sjølv fiske og arbeidde seinare som smed i Statens hamnevesen i åtte år. I 1904 slo han seg ned i Idd i Østfold. Han var maskinist ved steinhoggeri i Iddefjorden i 13 år og seinare seks år driftsstyrar ved Torvfabrikkene som låg ved Aspedammen. Han var vald inn i heradstyret frå 1908, sat i Idd formannskap 1911-37, varaordførar og siste fem åra ordførar i kommunen.

Frå 1922 til 1945 representerte han Østfold fylkeStortinget, fyrst vald for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, etter samlinga i 1927 som representant for Arbeidarpartiet. Fram til 1930 var han på Stortinget medlem av Næringskomite nr 1, sidan 1931 av Sjøfarts- og fiskerikomiteen, formann i denne frå 1934. Sesjonen 1939/40 var han odelstingspresident. I den eigenskapen tok han del i dei forhandlingane presidentskapen på Stortinget førte sommaren 1940 med den tyske okkupasjonsmakta.

Åra 1925-47 var han styrar av Noregs Bank si avdeling i Halden. Han var elles ordførar i forstandarskapet i Idd Sparebank.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]