Petter Sørlle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petter Sørlle
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1884
Tønsberg
Død

29. mai 1933 (49 år)

Yrke oppdagar, kvalfangar, skipsførar

Petter Martin Mattias Koch Sørlle (fødd 16. februar 1884 i Tønsberg, død 29. mai 1933 i Tønsberg) var ein norsk kvalskyttar og fangstbestyrar. Sørlle er kjend for å ha patentert opphalingsslippen på flytande kvalkokeri i 1922.

Petter Sørlle var son av skipsføraren Petter Mathias Koch (1854–83) og Margrete Kristine Sørlle (f. 1856). Faren døydde til sjøs 3 månader før han blei fødd, og mora gifta seg opp att i 1890 og utvandra til USA. Etter det budde Petter Sørlle hjå besteforeldra i Sandefjord. Også morfaren, Hans Martin Sørlle, hadde tilkyttig til sjøfart, og Sørlle sjølv gjekk tidleg til sjøs.[1]

Sørlle var med på opninga av Sør-Orknøyane som fangstfelt i 1911. Øya Signy Island, som er ein del av Sør-Orknøyane, er kalla opp etter kona hans, Signy Sørlle.[1] I tillegg er fleire av dei omkringliggande øyane kalla opp etter døtrene hans. Petter Sørlle var kaptein på ein norsk kvalfangstekspedisjon i området med skuta «Paal» i 1912-1913. Den andre sesongen ved øyane var det så mykje is der at kokeriskipa ikkje kunne segla inn i hamnene. I staden måtte dei arbeida utanfor iskanten, slik at flensinga blei mykje vanskelegare. Sørlle fekk då tanken om å laga ei innreting som kunne gjera at ein kunne dra heile kvalen oppå dekket og tilreia han der.[1]

Petter Sørlle var verkasam på Sør-Georgia i fleire sesongar frå 1915. Samstundes vidareutvikla han ideen sin.[1] I 1922 fekk Sørlle patent på ein opphalingsslipp i akterenden på flytande kvalkokeri der kvalen kunne trekkjast direkte frå sjøen og inn på dekket for vidare handsaming. Oppfinninga auka fangstresultata til det mangedobbelte. Ho var ein viktig føresetnad for ekspansjonen av pelagisk kvalfangst etter 1927, som då vart uavhengig av britiske konsesjonar, lisensar og eksportavgift. Opphalingsslippen vart først brukt i Antarktis på «Lancing» i sesongen 1925-26.[2] Dei fleste av landstasjonane på Sør-Georgia vart dei i påfølgjande åra stengde, Godthul i 1929, Prince Olav Harbour, Husvik og Strømnes i 1931. Berre Grytviken og Leith Harbour overlevde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Basberg, Bjørn L. (29. september 2014). «Petter Sørlle». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. «Petter Sørlle». Polarhistorie.no. Henta 2. juni 2008.