Strømnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strømnes
Stromness
kvalstasjon
Restane av kvalstasjonen
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°9′36″ S 36°42′42″ W
Kart
Strømnes
54°9′0″ S 36°40′0″ W
Strømnes is located in Antarktis
Strømnes (Antarktis)
Wikimedia Commons: Stromness whaling station

Strømnes (engelsk Stromness) er ein tidlegare kvalstasjon på nordkysten av Sør-Georgia i Sør-Atlanteren.

Han er den sentrale av tre hamner på vestsida av StrømnesfjordenSør-Georgia. Namnet «Fridtjof Nansen» eller Nansen vart nytta om denne hamna på tidlege kart, men sidan 1920 har Stromness vorte nytta. Namnet kjem frå byen med det namnetOrknøyane i Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1907 vart eit kvalkokeri lagt i Stromness Harbour. Landstasjonen vart bygt i 1912. Stromness vart driven som ein kvalstasjon frå 1912 til 1931. I 1931 vart det omgjort til ein skipsverkstad med maskinverkstad og eit støyperi. Dette var i drift til 1961, då staden vart nedlagt.

I 1916 nådde Ernest Shackleton og ei lita gruppe menn land på sørsida av Sør-Georgia ved King Haakon Bay etter ei hard reise frå Elefantøya i den 22 fot store livbåten «James Caird». Shackleton gjekk så i lag med Tom Crean og Frank Worsley over fjella og isbreane på Sør-Georgia for å nå hjelp på nordkysten av øya.

Etter ei 36 timar lang vandring, nådde dei fram til Stromness og den norske kvalfangstbestyraren. Bustanden til bestyraren har vorte kalla «Villa at Stromness» fordi han er noko flottare enn dei andre bygningane i området. Alle mennene vart berga frå Elefantøya.

I tiåra etter stasjonen vart nedlagt har han forfalle, og mange av bygningane ligg i ruinar. I nyare tid er det gjort forsøk på å restaurere «Villaen» og rydde opp avfall på staden, slik at det er trygt for vitjande. Utanfor Stromness ligg ein liten gravplass med 14 merka graver.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Stromness, South Georgia» (innhald frå Geographic Names Information System).