Leith Harbour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leith Harbour
stasjon
Ein del av den fråflytta kvalstasjonen ved Leith Harbour
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°08′28″S 36°41′17″W / 54.141°S 36.688°W / -54.141; -36.688
Kart
Leith Harbour
54°08′28″S 36°41′17″W / 54.141°S 36.688°W / -54.141; -36.688
Leith Harbour is located in Antarktis
Leith Harbour (Antarktis)
Wikimedia Commons: Leith whaling station

Leith Harbour, òg kalla Port Leith, var ein kvalstasjon på nordaustkysten av Sør-Georgia, oppretta og driven av Christian Salvesen Ltd i Edinburgh. Stasjonen var i drift frå 1909 til 1965. Han var den største av sju kvalstasjonar og ligg nær munningen av Strømnesfjorden. William Storm Harrison medverka stort til opprettinga av kvalstasjonen.

Strømnesfjorden med (venstre til høgre) Husvik, Strømnes og Leith Harbour (NASA imagery).
Ein skotsk kvalfangar på verkstaden i Leith i 1940-åra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sør-Georgia var eit av dei største sentera for kvalfangst i verda, med kvalstasjonar i Grytviken (1904-64), Leith Harbour (1909-65), Ocean Harbour (1909-20), Husvik (1910-60), Strømnes (1913-61) og Prince Olav Harbour (1917-31). Dei japanske selskapa Kokusai Gyogyo, Kabushike Kaisha og Nippon Suisan Kaisha leigde Leith Harbour i 1963-65, dei siste sesongane med kvalfangst på Sør-Georgia. I 1912 var Leith Harbour den andre staden der det vart sett ut reinsdyr på Sør-Georgia, eit forsøk som vart mislukka då heile flokken vart teken av eit snøras i 1918.

Under andre verdskrigen vart kvalstasjonane lukka, utanom Grytviken og Leith Harbour. Dei fleste britiske og norske kvalkokeria og kvalbåtane vart øydelagde av tyske åtak, medan resten vart henta inn for å tene dei allierte. Dei britiske magistratane (W. Barlas og A.I. Fleuret) deltok i forsvaret av øya gjennom krigen. Royal Navy utrusta handelsfartøyet «Queen of Bermuda» for å patruljere farvatnet kring Sør-Georgia og Antarktis, og sette opp to firetommars kanonar på nøkkelposisjonar ved innløpet til Cumberland Bay og Strømnesfjorden, som er vegen inn til Grytviken og Leith Harbour. Desse batteria (som framleis står) vart bemanna av frivillige norske kvalfangarar.

Falklandskrigen starta i mars 1982 då ei gruppe på kring femti argentinarar, som gav seg ut for å vere skrapmetallhandlarar, okkuperte den forlatne kvalstasjon i Leith Harbour. Dei hadde fått løyve til å fjerne skrapmetall ved Leith Harbour, men kom kort tid etter ombord på eit skip chartra av dei argentinske styresmaktene. 32 spesialstyrkar frå Corbeta Uruguay vart førte i land av den argentinske marinen på skipet «Bahía Paraiso» og dei gjekk i land ved Leith Harbour den 25. mars 1982.

Den 25. april 1982 øydela Royal Navy og erobra den argentinske ubåten «Santa Fé» ved Sør-Georgia. Den argentinske garnisonen i Grytviken overgav seg utan å avfyre skot, og avdelinga ved Leith Harbour gjorde det same dagen etter.

I dag[endre | endre wikiteksten]

I dag står ei kanonstilling på åsen bakom stasjonen, og ei anna ved Hansen Point der den originale 4.1"-kanonen framleis står. Leith Harbour hadde eit sjukehus, eit bibliotek, ein kino og ein smalsporsbane. Midt i Leith Harbour ligg den såkalla portugisiske gravplassen. Stasjonen hadde òg ein fabrikk og eit flenseanlegg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]