Pittaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pittaer
Blåpitta, Hydrornis cyanea Illustrasjon John Gould & Henry Constantine Richter, Public domain
Blåpitta, Hydrornis cyanea
Illustrasjon John Gould & Henry Constantine Richter, Public domain
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Familie: Pittaer Pittidae

Pittaer er ein biologisk familie, Pittidae, av sporvefuglar, hovudsakleg i tropisk Asia og Australasia, sjølv om eit par av artane lever i Afrika. Alle pittaartar er generelt like i struktur og vanar, og er plassert i ei einskild slekt, Pitta. Namnet er avleidd av ordet 'pitta' i språket telugu i Andhra Pradesh i India, og er eit generisk, lokalt namn for alle småfuglar.

Pittaer er mellomstore av sporvefuglar, 15 til 25 centimeter i lengd, og tettbygde, med lange sterke bein og lange føter. Dei har svært kort hale og tjukk, litt nedbøygd nebb. Mange, men ikkje alle, har fargerik fjørdrakt.[1]

Desse fuglane er mykje bakkelevande fuglar på våt skogbotn. Dei et sniglar, insekt og liknande virvellause byttedyr. Pittaer lever stort sett aleine eller parvis og legg opp til seks egg i eit stort rundt reir i eit tre eller i ein busk, eller nokre gonger på bakken. Begge foreldra tar omsut for ungane.[1]

Mange artar av pittaer er trekkfuglar, og dei kviler ofte på uventa stader som hagar under trekket.

Ei rekkje artar av pittaer er truga av utrydding. IUCN har lista to av desse, gulbrystpitta og satengpitta, som truga,[2] ytterlegare sju artar er oppførte som sårbare.[3] Det største trugsmålet mot pittaer er tap av habitat i form av rask avskoging.

Leveviser[endre | endre wikiteksten]

Hydrornis irena, Malayan Banded-Pitta
Foto: JJ Harrison
Aprikospitta, Hydrornis oatesi, hannfugl
Foto: JJ Harrison
Blåpitta, Hydrornis cyanea
Foto: JJ Harrison
Venuspitta, Erythropitta venusta
Foto: Douglas Janson
Gulbrynpitta, Hydrornis guajanus
Foto: Douglas Janson
Båvengpitta, Pitta moluccensis,
Foto: JJ Harrison
Indiapitta, Pitta brachyura
Foto: Nidhin G Poothully

Pittaer er dagaktive og krev ljos for å finne ofte kamuflerte byttedyr. Dei er likevel ofte i mørke område og er svært stille, men dei vil svare på imitasjonar av songen deira. Ein finn dei vanlegvis som einskilde individ, jamvel ungfuglar vil ikkje omgåast foreldra sine om dei ikkje blir mata. Små grupper har vore observert under trekket.[4]

Pittaer er sterkt territoriale, territoria varierer i storleik frå 3000 m² hos praktpitta til 10 000 m² for irispitta. Ein pitta vil forsvare territoriet sitt med trusseloppvisingar på grensa av territoriet, sjølv om slåstkampar mellom rivalane berre har vore registrert éin gong. Trekkjande artar vil forsvare territoriet for føda i tillegg til reirterritoriet.[4]

Diett[endre | endre wikiteksten]

Meitemark dannar storparten av kosten til pittaer, etterfølgt av sniglar. I tørre omgivnader kan meitemark sesongmessing gå djupare inn i jorda, og bli utilgjengelege. I tillegg tar dei eit breitt spekter av virvellause byttedyr, inkludert mange insektgrupper som termittar, maur, biller, teger og sommarfuglar, og dessutan skolopendrar, tusenbein og kongroer.[4]

Pittaer beitar på ein trastaktig måte, slår bort blad med ei feiande nebbrørsle. Dei har òg vore observerte med å undersøkje fuktig jord med nebba sine for å søkje etter meitemark. Einkvan har ymta om at dei er i stand til å finne meitemark med luktesansen, eit framlegg som blir stødd av ein studie som fann at dei har den største luktelappen blant 25 sporvefuglar som vart undersøkte.[5] Nokre artar vil òg bruke trerøter og steinar som amboltar der dei knuser sniglehus for å ete snigelen.[6]

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste andre fuglar, har pittaer monogam forplanting, og vernar om hekketerritoriet. Dei fleste artane er sesonghekkarar, hekkinga deira vil skje ved byrjinga av regntida. Eit unnatak frå dette er satengpitta, dei hekkar nesten året rundt fordi det er vått klima året rundt på øya Manus der dei lever. Åtferd ved spel og paringsleik i familien er dårleg kjent, men den samansette «dansen» hos praktpitta femnar om hopping opp i lufta med framskoten bryst og nedstigning til greina.[4]

Pittaer byggjer kuppelforma reir med sideinngang. Reiret har storleik som ein rugbyball, og er vanlegvis godt kamuflert blant slyngplantar eller anna vegetasjon av noko slag. Reiret kan anten plasserast på bakken eller i tre. Begge kjønn tar del i reirbygginga, men hannen gjer mesteparten av arbeidet.[4]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Taksonomien for familien Pittidae er i stor endring. Tilbake til 2003, i utgjevinga Handbook of the Birds of the World band 8,[4] skildra J. Erritzoe familien som ca. 30 artar i ei slekt Pitta. Dette var òg taksonomien nytta i Clementslista fram til utgjevinga av versjon 6.9 i august 2014, då Pitta blei splitta opp i 3 slekter Erythropitta, Hydrornis og Pitta.[7] Samstundes blei ca. 15 tidlegare underartar framstilte som nye artar. Tredelinga av familien er òg gjennomført i IOC World Bird List.[8]

Pittaer i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[9] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[10]

Slekt Erythropitta

  • Skjeggpitta, Erythropitta kochi, Whiskered Pitta, Brüggemann, 1876, (NT)
  • Raudbukpitta, Erythropitta erythrogaster, Blue-breasted Pitta, Temminck, 1823, (LC)
  • Sangihepitta, Erythropitta caeruleitorques, Sangihe Pitta, Salvadori, 1876, (EN)
  • Siaupitta, Erythropitta palliceps, Siao Pitta, Brüggemann, 1876, (EN)
  • Sulawesipitta, Erythropitta celebensis, Sulawesi Pitta, Müller, S & Schlegel, 1845, (LC)
  • Sulapitta, Erythropitta dohertyi, Sula Pitta, Rothschild, 1898, (NT)
  • Nordmolukkpitta, Erythropitta rufiventris, North Moluccan Pitta, Heine, 1860, (LC)
  • Sørmolukkpitta, Erythropitta rubrinucha, South Moluccan Pitta, Wallace, 1862, (LC)
  • Papuapitta, Erythropitta macklotii, Papuan Pitta, Temminck, 1834, (LC)
  • Niuailanpitta, Erythropitta novaehibernicae, New Ireland Pitta, Ramsay, 1878, (LC)
  • Tabarpitta, Erythropitta splendida, Tabar Pitta
  • Niubritenpitta, Erythropitta gazellae, New Britain Pitta
  • Rosselpitta, Erythropitta meeki, Louisiade Pitta, Rothschild, 1898, (DD)
  • Venuspitta, Erythropitta venusta, Graceful Pitta, Müller, S, 1836, (VU)
  • Sabahpitta, Erythropitta ussheri, Black-crowned Pitta, Gould, 1877, (NT)
  • Blåbandpitta, Erythropitta arquata, Blue-banded Pitta, Gould, 1871, (LC)
  • Granatpitta, Erythropitta granatina, Garnet Pitta, Temminck, 1830, (NT)

Slekt Hydrornis

  • Flettepitta, Hydrornis phayrei, Eared Pitta, Blyth, 1862, (LC)
  • Aprikospitta, Hydrornis oatesi, Rusty-naped Pitta, Hume, 1873, (LC)
  • Blånakkepitta, Hydrornis nipalensis, Blue-naped Pitta, Hodgson, 1837, (LC)
  • Blågumppitta, Hydrornis soror, Blue-rumped Pitta, Ramsay, RGW, 1881, (LC)
  • Kjempepitta, Hydrornis caeruleus, Giant Pitta, Raffles, 1822, (NT)
  • Sumatrapitta, Hydrornis schneideri, Schneider's Pitta, Hartert, 1909, (VU)
  • Koboltpitta, Hydrornis irena, Malayan Banded-Pitta, Temminck, 1836, (NT)
  • Gulbrynpitta, Hydrornis guajanus, Javan Banded-Pitta, Müller, 1776, (LC)
  • Blåbukpitta, Hydrornis schwaneri, Bornean Banded-Pitta, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Fagerpitta, Hydrornis baudii, Blue-headed Pitta, Müller, S & Schlegel, 1839, (VU)
  • Blåpitta, Hydrornis cyaneus, Blue Pitta, Blyth, 1843, (LC)
  • Smaragdpitta, Hydrornis elliotii, Bar-bellied Pitta, Oustalet, 1874, (LC)
  • Gulbrystpitta, Hydrornis gurneyi, Gurney's Pitta, Hume, 1875, (EN)

Slekt Pitta

  • Praktpitta, Pitta angolensis, African Pitta, Vieillot, 1816, (LC)
  • Grønbrystpitta, Pitta reichenowi, Green-breasted Pitta, Madarász, 1901, (LC)
  • Indiapitta, Pitta brachyura, Indian Pitta, Linné, 1766, (LC)
  • Blåvengpitta, Pitta moluccensis, Blue-winged Pitta, Müller, 1776, (LC)
  • Nymfepitta, Pitta nympha, Fairy Pitta, Temminck & Schlegel, 1850, (VU)
  • Hettepitta, Pitta sordida, Hooded Pitta, Müller, 1776, (LC)
  • Asurpitta, Pitta steerii, Azure-breasted Pitta, Sharpe, 1876, (VU)
  • Palettpitta, Pitta versicolor, Noisy Pitta, Swainson, 1825, (LC)
  • Kvitbrystpitta, Pitta maxima, Ivory-breasted Pitta, Müller, S & Schlegel, 1845, (LC)
  • Elegantpitta, Pitta elegans, Elegant Pitta, Temminck, 1836, (LC)
  • Salomonpitta, Pitta anerythra, Black-faced Pitta, Rothschild, 1901, (VU)
  • Mangrovepitta, Pitta megarhyncha, Mangrove Pitta, Schlegel, 1863, (NT)
  • Satengpitta, Pitta superba, Superb Pitta, Rothschild & Hartert, 1914, (EN)
  • Irispitta, Pitta iris, Rainbow Pitta, Gould, 1842, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 McClure, H. Elliott (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 159–160. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. BirdLife International (2014). «Gurney's Pitta Pitta gurneyi». IUCN Red List. IUCN. Arkivert frå originalen 3. januar 2009. Henta 20. oktober 2014. 
  3. BirdLife International (2014). «Pittidae». Data Zone. Henta 17. juli 2010. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., red. (2003). «Family Pittidae (Pittas)». Broadbills to Tapaculos. Handbook of the Birds of the World. Band 8. Barcelona: Lynx edicions. s. 106–127. ISBN 84-87334-50-4. 
  5. Bang, B.G., Stanley Cobb (1968). «The Size of the Olfactory Bulb in 108 Species of Birds». The Auk 85 (1): 55–61. 
  6. Woinarski, J.C.W., A. Fisher, K. Brennan, I. Morris, R.C. Willan and R. Chatto (1998). «The Chestnut Rail Eulabeornis castaneoventris on the Wessel and English Company Islands: Notes on Unusual Habitat and Use of Anvils». Emu 98 (1): 74–78. 
  7. Clements et al, Updates & Corrections – August 2014 Ref til side 267
  8. Gill, F & D Donsker (Eds). 2014. IOC World Bird List (v 4.3). doi : 10.14344/IOC.ML.4.3
  9. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  10. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pittaer