Poppelslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Poppelslekta
PopulusNigra3.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Vierfamilien Salicaceae
Slekt: Poppelslekta Populus
L., 1753

Poppelslekta (Populus) er ei slekt av lauvfellande plantar i vierfamilien. Ho omfattar mellomstore til store lauvtre som veks i dei fleste delar av den nordlege halvkula. Blada på mange av artane har lateralt flattrykte bladstilkar, noko som gjer at blada lett dirrer i vinden. Dette kan få heile treet til å sjå ut som om det skjelv.

Kjempepoppel (Populus trichocarpa) var det første treet som fekk heile DNA-koden sin kartlagt. Dette blei kunngjort i Science i september 2006.[1]

Poplar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den einaste poppelarten som veks naturleg i Noreg er osp, men fleire andre artar er blitt planta i landet. Nokre av desse kan ta over frå andre plantar, og er blitt svartelista av Artsdatabanken. Dette gjeld særleg balsampoppel og berlinerpoppel. [2] Andre artar av poppel er blitt ein ikkje-invaderande del av norsk natur. Dette gjeld til dømes svartpoppel og sølvpoppel.[3]

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Poppelslekta er tradisjonelt blitt delt inn i seks seksjonar på grunnlag av utsjånaden til blad og blomar.[4] [5] Denne klassifiseringa følgjer under. Nyare genetiske studiar har i stor grad støtta opp om dette, og har også bekrefta aningar om hybridisering mellom gruppene. Nokre av artane under har ulikt slektskap i kjerne-DNA (arva frå farslinja) og kloroplast-DNA (arva frå morslinja), ein klar indikasjon på eit truleg hybrid opphav.[6] Hybridisering er framleis vanleg i slekta, og det finst fleire hybridar mellom artar frå dei ulike seksjonane.[7][8]

Utvalde artar[endre | endre wikiteksten]

Artar der norsk namn er ukjend har engelsk namn i kursiv.

Blad av amerikaosp.
Blad av balsampoppel.
Blad av kanadapoppel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joint Genome Institute, Populus trichocarpa
  2. Populus balsamifera - balsampoppel, Artsdatabanken  Den ukjende parameteren |dte= vart ignorert (hjelp); Populus ×berolinensis - berlinerpoppel, Artsdatabanken  Den ukjende parameteren |dte= vart ignorert (hjelp)
  3. Populus nigra - svartpoppel, Artsdatabanken  Den ukjende parameteren |dte= vart ignorert (hjelp); Populus alba - sølvpoppel, Artsdatabanken  Den ukjende parameteren |dte= vart ignorert (hjelp)
  4. Rushforth, K. (1999). Trees of Britain and rope. Collins ISBN 0-00-220013-9.
  5. Eckenwalder, J.E. (1996). «Systematics and evolution of Populus». I R.F. Stettler; H.D. Bradshaw; P.E. Heilman; T.M. Hinckley. Biology of Populus and its implications for management and conservation. Ottawa: NRC Research Press, National Research Council of Canada. ISBN 9780660165066. 
  6. Hamzeh, M., & Dayanandan, S. (2004). Phylogeny of Populus (Salicaceae) based on nucleotide sequences of chloroplast TRNT-TRNF region and nuclear rDNA. Amer. J. Bot. 91: 1398-1408. Available online
  7. Meikle, R. D. (1984). Willows and Poplars of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook No. 4. ISBN 0-901158-07-0.
  8. Eckenwalder, J.E. (2001). «Key to species and main crosses». I D.I. Dickmann; J.G. Isebrands; J.E. Eckenwalder; J. Richardson. Poplar culture in North America. Ottawa: NRC Research Press. s. 325–330. ISBN 978-0-660-18145-5.