Vierfamilien
| Vierfamilien | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrike: | Viridiplantae |
| Infrarike: | Streptophyta |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Vierordenen Malpighiales |
| Familie: | Vierfamilien Salicaceae Mirb., 1815 |
Vierfamilien (Salicaceae), også kalla pilefamilien, er ein plantefamilie i vierordenen.[1] Alle artane i familien er buskar eller tre med spreidde blad. Dei fleste har blomar utan kronblad og ofte også begerblad.[2]

Plantar frå vierfamilien veks i nesten alle landområde som ikkje er dekte av is, men opptrer ikkje i Sahara, Den arabiske ørken, Atacamaørkenen, sørlege Patagonia, New Zealand eller størstedelen av Australia.
Alle artane frå familien i Europa tilhøyrar anten vierslekta (Salix) eller poppelslekta (Populus). Begge desse slektene omfattar særbu-tre og -buskar som blomstrar før lauvsprett. Dei er hurtigveksande og kan lett formeira seg vegetativt. I Noreg veks naturleg osp (Populus tremula) og ei rekke artar av pil, selje og vier som tilhøyrer slekta Salix.
I Cronquist-systemet omfatta familien berre dei tre slektene Salix, Populus og Chosenia, og han var plassert i ein eigen orden, Salicales. I APG III-systemet inneheld familien 55 slekter og er del av vierordenen (Malpighiales). Mange av slektene som er tilførte familien kom frå den no utgåtte familien Flacourtiaceae.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Vierfamilien i Artsdatabanken. Besøkt 25. mai 2023.
- ↑ «vierfamilien» (21. november 2022) av John Magne Grindeland i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Vierfamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2023.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- «Salicaceae». APWEbsite. Henta 2015-04-17.
- A. Mitchell, oversatt av I. Gjærevoll. Trær i skog og hage. Tiden. s. 180–190. ISBN 82-10-01282-7.
- C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 46–53. ISBN 82-512-0355-4.
{{cite book}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link) - «Videväxter». Den virtuella floran. Arkivert frå originalen 2022-07-05. Henta 2015-04-17.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) vierfamilien hos Artsdatabanken
- (en) vierfamilien i Catalogue of Life
- (en) vierfamilien i Encyclopedia of Life
- (en) vierfamilien i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) vierfamilien hos Dyntaxa
- (en) vierfamilien hos Fossilworks
- (en) vierfamilien hos ITIS
- (en) vierfamilien hos NCBI
- (en) vierfamilien hos Plants of the World Online
- (en) vierfamilien hos The International Plant Names Index
- (en) vierfamilien hos Tropicos