Præriesnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Præriesnipe

Status i verda: LC Livskraftig

Foto: Johnathan Nightingale
Foto: Johnathan Nightingale
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Bartramia
Art: B. longicauda
Namn på andre språk
  • Engelsk: Upland Sandpiper
  • Vitskapleg namn
    Bartramia longicauda
    Bechstein, 1812

    Præriesnipe (Bartramia longicauda) er ein medlem av snipefamilien, Scolopacidae. Ho er einaste medlemmen i slekta si, Bartramia. Arten hekkar i sentrale Nord-Amerika og overvintrar i sørvestre Sør-Amerika.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Præriesnipe når ei lengd 26-32 centimeter og veg i området 98-226 gram. I høve til lekamen synest storleiken på hovudet lite. Det rette, litle gule nebbet er langt som hovudet og svakt nedbøygd mot tuppen. Auga er store og mørke. Beina er gule. Andletet er bleik beige, strupen kremfarga utan teikningar, halsen og nakken er fint brunstipla, brystet med meir dråpeforma brune flekker. Buken og undersida av halen er bleik kremfarga. Oversida er olivenbrun med mørke tverrstriper og fløytefarga fjørrender. Halen er brun med mørke tverrstriper og ei kvit rand.

    Præriesniper er gode flygarar med kraftfulle vengeslag. Etter landing vil præriesniper ofte halde vengene loddrett opp i lufta.

    Habitat og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

    Hekkeområdet for denne arten er i stor grad todelt, eit område strekkjer seg frå nordvestre Alaska, Yukon og litt inn i Britisk Columbia. Eit anna til i sørlege Alberta og Saskatchewan i Canada og tvers over Great Plains og sørvestover over det meste av nordlege til vestlege USA. Præriesnipa hekkar òg innanfor staten Oregon. Overvintringsområda ligg i Sør-Amerika frå vestelege Bolivia, det sørlege Brasil til nordvestlege Argentina. Området dekker òg Uruguay og det meste av Paraguay. Avreisa frå hekkeområda byrjar i august og held fram til september. Dei første fuglane møtest på den søramerikanske Pampasen allereie i slutten av september. Etternølarar blir observert i Nord-Amerika tidleg i november. Vårtrekket startar i midt i februar. Vanlegvis er præriesnipa attende på hekkeplassane igjen i april, lengst nord i mai til juni.

    Præriesniper hekkar på grasletter, prærien og graskledde myrar. Dei stiller høge krav til storleiken på territoriet, som må innehalde minst 150 dekar.

    Under trekket kan præriesniper treffast på savannar og på opne område på Pampasen og blir òg ofte observert på flyplassar og golfbanar.

    I Europa er præriesnipa ein sjeldan haustgjest som er observert hovudsakleg i Storbritannia og Irland relativt regelmessig. Eit individ er notert i Noreg hausten 2005.[1]

    Levevis[endre | endre wikiteksten]

    Præriesniper er dagaktive og aktiv i tussmørker. Mykje som ei lo spring dei korte avstandar svært raskt, så plutseleg stoppar dei og byrjar å hakke i bakken. Dietten består hovudsakleg av insekt. Her spelar grashopper, sirissar og snutebiller og ulike billelarver ei viktig rolle. Han et òg edderkoppar, sniglar og meitemakk. Dei fleste byttedyr blir tatt på overflata.

    Præriesnipe har nomalt allereie danna par når dei kjem til hekkeplassen. Reiret er ein senking i bakken, som er fôra med tørr plantematerialar. Kullet består vanlegvis av fire egg. Rugetida er ca. 24 dagar og begge foreldra deltar.[2]

    Den totale populasjonen er estimert til ca. 350 000 individ og er trudd å vere aukande.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Søk på artsobservasjoner.no den 11. august 2016
    2. Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Upland Sandpiper (Bartramia longicauda) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. august 2016
    3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Bartramia longicauda. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. august 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Præriesnipe