Prillar-Guri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pillar-Guri avbilda på kommunevåpenet til Sel kommune.
Monument reist i 1912 på staden for slaget ved Kringen («skotteslaget») i 1612, dekorert med eit relieff som førestiller Pillar-Guri.
Melodien til «Guris sang».
Illustrasjon: Thomas Michell: History of the Scottish expedition to Norway in 1612 utgitt 1886

Pillarguri eller Prillar-Guri er ei kvinne kjend frå norsk folketradisjon, knytt til slaget ved Kringen («skotteslaget») like sør for Otta i Sel kommune i Gudbrandsdalen i 1612. Ifølgje sogene hadde ho som oppgåve å gje signal når den norske bondehæren kunne starta angrepet på skottehæren, 300 skotske leiesoldata som var komne i land i Romsdalsfjorden og var på vandring i «skottetoget» gjennom dalen på veg vidare til Sverige for å delta i Kalmarkrigen. Dette skal ho ha gjort ved å stå på ei høgd og blåsa i ein lur. Høgda, som fram til 1800-talet blei kalla Selsjordkampen, ligg rett ovanfor garden Selsjord, på vestsida av Gudbrandsdalslågen, vis-à-vis Kringen. I dag blir høgda på 852 moh. kalla Pillarguritoppen.

Pillar-Guri dukkar fyrst opp i ei skriftlig framstilling på 1830-talet i ei samling soger gjevne ut av vågåpresten Hans Peter Schnitler Krag. Ein serie feleslåtter i Ottadalen er knytte til namnet Guro, Goroleikjin skal vera inspirerte av den same sogekrinsen. Forma Prillarguri er kjend frå ein frittståande roman av Rudolf Muus på 1880-talet. Lokalhistorikarar aksepterer gjerne Pillar-Guri som ein reell person, men enkelte folkeminnegranskarar tvilar på at ho har eksistert, ettersom det ikkje finst ugjendrivelege bevis på dette.

Eit anna namn for folkeinstrumentet bukkehorn er prillarhorn. Namnet «Prillar-Guri» gjer at ein kan stilla spørsmål om kva for instrument som skal ha vore brukt.

Otta står ein statue av Pillar-Guri. Ho er også avbilda på ein minnestein reist i 1912 i samband med 300-årsmarkeringa av slaget. Pillarguri er også avbilda på kommunevåpenet til Sel kommune.

Pillarguriprisenn er blitt delt ut årleg på Otta i samband med Pillargurifestivalen sidan 1996.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pillarguri hedret med pris, støtte og egne dager», selhistorie.no, henta 30. mars 2021 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]