Ottadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bismo med Skjåk i bakgrunnen

Ottadalen er den nørste av dei store sidedalane i Gudbrandsdalen og består av kommunane Skjåk, Lom, Vågå og delar av Sel. Namnet kjem frå elva Otta som renn gjennom dalen. Frå sør i Skjåk til Vågåmo går elva som eit vatn, som heiter Skim nord for Fossbergom i Lom og Vågåvatnet vidare til Vågåmo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ottadalen har vore mykje brukt som ferdselsåre mellom Vestlandet og Austlandet over Strynefjellet til stryn, Langedalen til stranda, over Jostedalsbreen til Jostedalen og Luster; og Sognefjellet til Sogn. Det er og ein snarveg frå Vågå, langs Jotunheimen og til Fagernes.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ottadalen byrjar frå Strynefjellet i vest, og tek med mange smådalar, som Tundradalen, Tordalen, Lundadalen, Raudalen og Bråtådalen, som munnar ut i Skjåk. I Lom kommune inneber det Bøverdalen, som startar på Sognefjellet, og Vårdalen, som dei viktigaste dalføra. I området nordanfor mellom Lom og Skjåk, byrjar Finndalen som går austover og munnar ut i Vågå. Elles har Vågå Sjodalen, som startar i området rundt Valdresflyi, og går over i Heidal som går austover og munnar ut i Sel.

Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen er dei tre nasjonalparkane i området.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Ottadalen har fylgjande vegar:

Fylkesvegar:

Riksvegar:

Næring[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet går hovudsakleg i skogbruk, jordbruk og tenesteytande næring. Ottadalen hadde ein lokalradio saman med Lesja og Dovre som heitte Nordalsradioen, men er no kjøpt opp av mediaindustrien i Midtdalen og sjølv om han enno heiter Nordalsradioen, so er han konsentrert i området mellom Lillehammer og Otta. Ottadalen har lokalavisa Fjuken, som eig mykje av lokalavisa Vigga, for Lesja og Dovre.

Ottadalen mølle er ei samanslutning av Ofossen mølle i Skjåk og mølla i Lom, der hovudproduksjonen er. Ottadalen billag var billaget i Ottadalen, og hadde tatt seg av nesten all den lokale busskøyringa. Billaget er i dag kjøpt opp av Fjord1, og fjord 1 Ottadalen er oppkjøpt av Trønder Bilane noko som gjer at det gamle billaget blir viktig når det gjeld busstransport mellom Austlandet og Vestlandet. før i tida var det Sel kommune som hadde billaget. da hette det Ottdalen Kommunale Billag (OKB)

Bakgrunnsstoff og kjelder[endre | endre wikiteksten]