Otta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Otta
tettstad
none  Otta
Otta
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Sel
Areal 2,04 km²
Folketal 1 724 (2015)
Folketettleik 845 / km²
Postnummer 2670 OTTA
Preposisjon Otta
Wikimedia Commons: Otta

Otta er ein tettstad (by) som er kommunesenter i Sel kommune i nordre Gudbrandsdalen. Staden har 1 724 innbyggjarar per 1. januar 2015. Nokon kilometer vestom ligg Dale, ein tettstad med 682 innbyggjarar per 1. januar 2015 som funksjonelt er ein del av Otta.

Byen ligg der Otta (Ottaelva) renn ut i Gudbrandsdalslågen. Han er eit trafikknutepunkt der hovudårene mellom Oslo og Trondheim (E6 og Dovrebanen) møter rv15 mot Nordfjord.

Staden fekk bystatus 26. august 2000, og er sammen med Vinstra dei einaste byane i Gudbrandsdalen i tillegg til Lillehammer. Byen tener som handels- og administrasjonssentrum for Nord-Gudbrandsdalen,

På Otta finst der ein to-delt barneskole for elevar frå Otta by og Sjoa, og ein ungdomsskule som også elevar frå Nord-Sel soknar til. Staden har òg ein kombinert allmennfagleg og yrkesfagleg vidaregåande skole som var demonstrasjonsskole frå 2003 til 2005.

Otta har òg hovud- og distriktskontor åt fleire lokalaviser og ein lokalradiokanal.

Elva Otta og delar av tettstaden Otta
Folketalsutvikling på Otta
År Innbyggjarar
1910
  
204
1920
  
452
1930
  
881
1946
  
903
1950
  
1 027
1960
  
1 493
1970
  
1 916 + 272
1980
  
1 779 + 801
1990
  
1 511 + 855
2000
  
1 512 + 816
2009
  
1 659 + 764
2012
  
1 687 + 727
Kjelder:

Tala f.o.m. 1970 viser til Otta + Dale.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]