Slåttar frå Hallingdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slåttespelet i Hallingdal har tradisjonelt stått midtveges mellom Krødsherad og Valdres. Mange av dei mest særeigne slåttane i dalen har opphav i Ål, men det finst og ein bunt springarar frå Nes, som ikkje er å finne andre stader. Lausslåttane i dalen er ofte knytt til dei store slåttekrinsane og finst under desse, med eit par unnatak.

Slåttar[endre | endre wikiteksten]

Lausslåttar[endre | endre wikiteksten]

  • Rande-Ambjørg.

Springarar[endre | endre wikiteksten]

  • 208: Gamal nesningsspringar/Godversdagen, etter Odd Bakkerud, Nesbyen .
  • 210: Klunkelåtten, etter Sevat Sataøen, Ål.
  • 324: Rustemann, etter Olav Sataslåtten, Torpo. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 504). To karar låg langt inne på skogen og hogg tømmer. Då den eine skulle ut etter kveldsveden, høyrde han ein fin slått borte i ein rust. Det var rustemannen som let. Tømmerhoggaren hugsa slåtten og kalla han Rustemann (etter Ørpen som hadde det frå Sataslåtten). I Hallingdal tyder «rust» gjerne eit skogholt med lauvtre.
  • 326: Måndagsmorgonen, etter Olav Sataslåtten, Torpo. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 504). Sataslåtten sa han hadde laga slåtten sjølv, men har nytta eldre slåttetak. Han hadde spela til dans heile sundagsnatta, og gjekk heimatt måndagsmorgonen trøytt og utasa. Han sette seg ned attmed vegen, tok fram fela og spela denne slåtten. Slåttenamnet skriv seg frå denne hendinga. Slåtten opnar noko likt Grimeliden, og har og noko sams med Stårøyguten frå Voss (Sataslåtten fortalde soga si til Ørpen).
  • 329: Asle Strand, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1408). Sataøen hadde slåtten etter Ola A. Strand, Ål, som hadde han frå Asle Strand, far sin. Stundom og kalla Asle-Knut. Då Ola Strand for til Amerika, fekk han bod frå Asle om å ikkje gløyme bort denne låtten.
  • 330: Springar etter Myreguten, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1424). Nedstilt bass.
  • 331: Ivar Jorde, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1452). Nedstilt bass. Sataøen hadde slåtten etter Ola Dekko, Ål. Ivar Jorde var ein glup dansar frå Ål.
  • 332: Bulko-guten, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1443). Sataøen hadde slåtten etter Ola Dekko. Slåttenamnet er etter Per Bulko frå Voss. Slåtten har vestlands-svip.
  • 333: Den synste, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1451). Sataøen hadde slåtten etter Tor Grimsgard frå Nes. Det var og ein springar dei kalla Den nørdre på Nes i gamal tid. Nedstilt bass.
  • 350: Hallingstugo, etter Nils Gjeldokk, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter minne (G 1236). Slåtten er og kalla Tilda Haga etter ei jente i Ål. Ikkje ein variant av Hallingstugo/Hallingdølen.
  • 356: Springar frå Hallingdal, etter Odd Bakkerud, Nesbyen. Nedskrift Truls Ørpen 1953 (Ø 355). Bakkerud hadde slåtten etter Tor Grimsgard. Nedstilt bass. Har noko sams med Kongelåtten.

Slåttegrupper knytt til Hallingdal[endre | endre wikiteksten]

Hallingstugo[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 321 og 359. Slåtten finst under fleire namn, og Hallingdølen og Numedølen (i Krødsherad). Ei form vart vidareutvikla av Halldor Meland frå Hardanger (etterraksten). Etter namna å døme har denne slåtten vore spela over heile Buskerud (han er og nytta i Numedal).

359:

Nils Gudmundsrud[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 360. Rekna som ein av dei sværaste hallingslåttane å spela. Nils Gudmundsrud var ordførar i Ål, og ein drivande god dansar. Han er far til Gro Gudmundsrud. Slåtten har vore nytta både av Ola Dekko og Ola A. Strand. Slåtten er truleg bygd ut av Ola Dekko, sidan Ola Strand spela ei knappare form. Slåtten skal ha kome frå Knut Skøro.

Silde-Per[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 361. Nedstilt bass. Er rekna til sentralreportoaret i Hallingdal (men slåtten er og i bruk i Valdres). Silde-Per var ein kar frå Lærdal som selde fisk og sild i øvre Hallingdal. Han skal ha tralla denne slåtten.

Sølve-Knut[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 365. Slåtten er mykje nytta i dalen, og reknast som typisk strandaspel. Sølve-Knut skal ha vore ein god dansar frå Ål.

  • a: Skårin, etter Ola A. Strand, Ål. Nedskrift Arne Bjørndal (Bjørndal nye slåttar nr 49). Strand lærte slåtten av Knut Skøro frå Ål. Slåtten er skriven opp før 1911, men ein veit det ikkje visst.
  • b: Sølve-Knut, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK. Sataøen hadde slåtten etter Ola A. Strand frå Ål.

Skateruden[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 231 og 397. Slåtten har vore nytta både i Hallingdal og Valdres.

Fuglesongen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 404. Slåtten er og kalla Rustemann, og har vore nytta i Krødsherad med. Kan minne noko om Slidringen.

  • a: Rustemann, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1416). Ein rustemann er ein underjordisk kar som bur i ein rust.
  • b: Fuglesongen, etter Andres Vinna, Krødsherad. Nedskrift Truls Ørpen 1923 (Ø 23). Vinna hadde slåtten etter Knut Fosslia.

Krullafuru[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 405. Slåtten er rekna som krevjande å spela, og eit meisterstykke i hallingspelet. Sevat Sataøen brukte å setja læregutane sine på prøve med denne slåtten. Slåtten skriv seg frå Tor Grimsgard som og gav han namn. Ola A. Strand frå Ål var på veg til Amerika i 1881, og tok inn til Tor Grimsgard på vegen nedetter dalen. Då det var messesundag kunne dei ikkje spela i bygda, og gjekk opp i Rukkedalen. Der lærte Ola Strand denne slåtten. Dei sat under ei stor furu med veldig krone, og Grimsgard sa «E trur me kalle låtten Krullafuru.» Minner noko om springaren Plassen som var nytta i Flå.

  • a: etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1413). Sataøen hadde slåtten etter Ola Dekko (og Tor Grimsgard).
  • b: etter Kristian Øvrevollseie, Hol. Nedskrift Eivind Groven 1960 etter opptak i NRK (G 1165). Øvrevollseie hadde slåtten frå Sevat Sataøen.

Gudbrand Østen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 406. Slåtten er og kalla Langåkeren, og skal vera etter Harald Langåker frå Nes. Felestillet er G-D-A-D. Gudbrand Østen var ein spelemann frå Nes tidleg på 1800-talet.

  • a: etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1426). Sataøen hadde slåtten etter Ola A. Strand frå Ål.
  • b: Helling-Haugen, etter Olav Sataslåtten, Torpo. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 511). Sataslåtten hadde forma si etter spelemannen Helling-Haugen frå Ål.

Goffalåtten[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 407 og nr 163. Det er funne ei form i Valdres med.

Vass-såren/Baggen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 408.

  • a: Springar etter Ola Dekko, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1410). Forma er gjerne kalla Vass-såren. Slåtten er etter Ola Dekko.
  • b: Gamal springar frå Hallingdal, etter Odd Bakkerud, Nes. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 516). Bakkerud hadde forma si etter morbroren Knut Bakkerud.

Basken[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 421. Slåtten har opphav i Ål. Kjelda skal vera Ola Dekko frå Torpo. Slåtten er ofte kalla Kusebasken. Etter Ivar Aasen viser namnet til ein busemann, ein som vert vist til for å skremme born. I Hallingdal viser namnet og til kvinneleg kjønnsorgan, og konkret til seksuell omgang. Heile namnet er rekna som noko usømeleg, og slåtten er difor kalla Basken for det meste.

Brennheiten[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 434. Nedstilt bass. Slåtten er og kalla Billehusen. Brennheiten er tilnamnet på ein kar som er snøgg i vendinga, og som er rask i rørslene. Det er og sagt det kan vera oppnamnet på ein som er fæl til å flyge etter jenter. Slåtten finst berre i Hallingdal (I røynda er han opphavleg berre funnen i Ål).

  • a: Billehusen, etter Ola Dekko. Nedskrift Arne Bjørndal 1938 (B 929). Namnet er etter eom god dansar som vart kalla Billehusen, opphavleg Håkon Hagen frå Torpo, som døydde kring 1915. Han lyt ha nytta denne springaren mykje.
  • b: Brennheiten, etter Sevat Sataøen. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1422, NRK magnetband).
  • c: Brennheiten, etter Olav Sataslåtten. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 513). Sataslåtten hadde springaren etter Ola Dekko.

Den som rullar etter golve[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 436. Slåtten er rekna som arketypisk for Hallingdal. Går på nedstilt bass. Slåttenamnet skal skrive seg frå ein brudgom som dansa springar etter slåtten, og som bøygde seg ihop og meir rulla etter golvet enn dansa opprett. Slåtten er kjend for nokre kjenneteiknande opningstak, som let som rulling. Ulrik Jensestogun spela ein variant han kalla Struensen, kalla opp etter Struensee. Det har vore vitsa om at namnet og er knytt til korleis hovudet til Struensee rulla bortetter golvet etter halshogginga. Slåtten er elles berre kjend i Hallingdal.

  • a: etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Groven 1961 (G 1427, NRK magnetband). Sataøen hadde slåtten frå Ola A. Strand i Ål, som hadde han frå gamle spelemenn i Ål.
  • b: Hallibrekka, etter Olav Sataslåtten, Torpo. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 512). Sataslåtten hadde si form etter Ola Dekko, som før den tid hadde slåtten frå Knut Toen på Nes. Slåtten var og kjend som Rotneimsmordaren, etter at Rotneims-Knut hadde stukke ned ein brudgom som tok ei jente han sjølv ville hatt. Dette hende medan dei dansa til nett denne slåtten og Knut Toen spela.
  • c: etter Ola A. Strand, Ål. Nedskrift Truls Ørpen 1947 (Ø 275).

Prillar-Guri[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 438. Trollstilt. Slåtten heiter etter hjurdinggjenta Prillar-Guri, som skulle ha varsla åtak i Slaget ved Kringen i 1612. Ein variant skriv seg frå Nedre Valdres, og er knytt til ei segn frå Ådalen. Sidan dei siste pestbølgjene og råka landet på 1600-talet, høver dette godt med slaget ved Kringen, og ein kan gisse ein mogleg alder på slåtten.

Gro Holto[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 474. Slåtten er knytt til Nes, og er og kalla Gudbrand Østen, etter ein spelemann som reiste til Amerika. Han ber og namnet Veneflamma (og namnet på ein slått frå Telemark). Gro Holto var ei jente frå Hallingdal som reiste til Amerika kring 1860, og skreiv attende om røynsler frå indianaråtak i Wisconsin. Slåtten er eit døme på korleis spel i denne delen av dalen har vandra fram og attende til Krødsherad.

Slåtten opnar ofte med nokre vrange tverristetak over kvinten og kvarten.

  • c: Veneflamma, etter Ola A. Strand, Ål. Nedskrift Truls Ørpen 1942 (Ø 205). Strand hadde slåtten frå Gudbrand Østen.