Prince of Wales-øya
Prince of Wales-øya Prince of Wales Island | |||
øy | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Del av | Det kanadiske polararkipelet | ||
Areal | 33 339 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Prince of Wales Island 72°36′00″N 98°32′00″W / 72.6°N 98.533333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Prince of Wales Island |
Prince of Wales-øya er ei øy i kanadisk Arktis i Nunavutterritoriet i Canada. Ho ligg mellom Kitlineq og Somersetøya og sør for Elisabetøyane. Flatevidda er berekna til 33 339 km². Prince of Wales-øya er den tiande største øya i Canada.
Høgste punktet på øya, som ligg på 73 grader 49 minuttar nordleg breidd og 97 grader 50 minuttar vestleg lengd, er 320 meter over havet. Punktet ligg heilt i nordaust på øya, med utsikt over Baringsundet, som skil øya frå granneøya Russell Island.
Øya er låglendt med tundra. Kysten er oppskoren og med djupe bukter i vest, Ommanney Bay, og i aust, Browne Bay.
Av praktiske grunnar vert administrasjonen av øya delt mellom regionane Qikiqtaaluk og Kitikmeot. Øya har ingen fast busetnad.
Europearar kom til øya i 1851. Eit parti hundesledar under leiing av Francis Leopold McClintock kom over øya under søkinga etter den siste Franklin-ekspedisjonen.[1] Ho fekk namn etter eldstesonen til dronning Viktoria, den dåverande prinsen av Wales, seinare kong Edvard VII av Storbritannia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Osborn, Sherard (1852). Stray leaves from an Arctic journal, or, Eighteen months in the polar regions : in search of Sir John Franklin's expedition, in the years 1850–51. New York, NY: Putnam’s.
- Denne artikkelen bygger på «Prince of Wales Island» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2009.