Provinsen Aydın
Aydın | |
Aydın ili | |
region | |
Land | ![]() |
---|---|
Region | Egearregionen |
Hovudstad | Aydın |
Areal | 8 007 km² |
Folketal | 989 862 (2010) |
Folketettleik | 124 / km² |
Bilnummer | 09 |
Retningsnummer | 256 |
Wikimedia Commons: Aydın Province | |
Provinsen Aydın (tyrkisk Aydın ili) er ein provins sørvest i Tyrkia, i Egearregionen. Provinshovudstaden er byen Aydın som har kring 150 000 (2000). Andre byar i proginsen er feriebyane Didim og Kuşadası.
Innhaldsliste
Historie[endre | endre wikiteksten]
Aydın vart grunnlagd av dei gamle thrakiarane og var ein gong kalla Tralles. Området ligg i ein jordskjelvssone og byen har vorte bygd og bygd opp att av spartanarane, fryganarane, jonarane, lydarane, persarane og romarane. I 1186 tok seldsjukk-trykarane kontroll over området, etterfølgd av anatoliske beylikar av aydinidar. I denne perioden vart byen kalla Aydın Güzelhisar og vart ein del av Det osmanske riket i 1426.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Naboprovinsane er Manisa i nordaust, İzmir i nord, Denizli i aust, Muğla i sør.
Dei sentrale og vestlege delane av provinsane består av frodige sletter som får vatn av ei av dei største elvane i Egearregionen, Büyük Menderes, med Aydınfjella i nord og Menteşefjella i sør. Vestenden av provinsen ligg kysten av Egearhavet med Bafasjøen. Klimaet er typisk for Egearregionen, særs varmt om sommaren.
Distrikt[endre | endre wikiteksten]
Provinsen Aydın er delt inn i 17 distrikt:
Økonomi[endre | endre wikiteksten]
Dei største næringane i provinsen er jordbruk og turisme.
Turisme[endre | endre wikiteksten]
Kystbyane Didim og Kuşadası er dei viktigaste feriebyane i provinsen. Kuşadası ligg nær Büyük Menderes Delta nasjonalpark, medan Didim har eit Apollotempel, strender og ligg i nærleiken av ruinane av Miletos frå antikken. Det ligg mange arkeologiske stader i provinsen, som dei gamle kariske byane Alinda og Alabanda.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Aydın Province» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: