Psittacara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Psittacara
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Psittacara
Vigors, 1825

Psittacara er ei biologisk slekt i papegøyefamilien med 12 medlemar som er utbreidd frå Mexico og Karibia i nord til nordvestre Argentina i sør.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er mellomstore parakittar med lange halar, kroppsstorleiken er mellom 30 og 40 cm for mange artar, kubaparakitt ned mot 25 cm for nokre målte individ. Psittacara-parakittane har ein ring av berr hud rundt auga,[1] hos dei fleste artar er ringen kvit. Dei er også nokså einsarta i fjørdrakt: gjennomgåande grøn, med varierande innslag av raudt eller raude flekkar. Raudmaskeparakitt og raudflekkparakitt skil seg ut med at framre del av hovudet er raudt, mest for raudmaskeparakitt. Smaragdparakitt er einsfarga grøn.

Fem av artane i slekta lever i Sør-Amerika, to på karibiske øyar og fem i Mellom-Amerika.[2] Psittacara-parakittane lever typisk i låglandsskog der dei er sosiale fuglar som gjer mykje læte.[1]

Per desember 2023 er fem av 10 artar raudlista, av dei er to lista som sårbare, VU.[3] To Psittacara-artar frå IOC-lista er ikkje godtatte av Birdlife International og er derfor ikkje vurderte for raudlisting.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Denne slekta har vore i stor rørsle etter at artar frå Aratinga blei flytta inn i ny slekt Psittacara. Det er ikkje semje blant autoritetar om medlemslista, mellom anna fordi nye artar har kome opp som følgje av artssplittingar.

Psittacara i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[4] IUCN kategori er etter HBW og BirdLife Taxonomic Checklist.[3]

  • Grønparakitt, P. holochlorus, Green parakeet, (Sclater, PL, 1859), (LC)
28-30,5 cm 232 gram, raudoransje auge. Frå Nicaragua i sør til Mexico og litt inn i ekstrent sørlegaste Texas.
31-33 cm, elles som grønparakitt. Endemisk til Socorro-øya
Frå nordlegaste Nicaragua til Guatemala i nord
Større enn grønparakitt, frå sentrale Nicaragua i sør nord til sørlege Mexico
34-40 cm. Colombia og nordvestlege Venezuela, 350-2000 moh. (1000-2500 moh.)
  • Oreadeparakitt, P. frontatus, Cordilleran parakeet, (Cabanis, 1846), (NT)
34–40 cm. Sørlegste Ecuador, vestlege Peru mot grensa til Chile.
31–38 cm. Langs Andes frå sentrale Peru gjennom Bolivia og til Tucumán-provinsen i Argentina
33 cm. Vestlege Ecuador og nordvestlege Peru
28 cm. Raud panne og andre sporadiske flekker. Vestlege Panama til sentrale Nicaragua.
  • Amazonparakitt, P. leucophthalmus, White-eyed parakeet, (Müller, PLS, 1776), (LC)
32–35 cm. Finst i alle land i S-A unntatt Chile, i utkant av skog, lågtliggande område.
  • Kubaparakitt, P. euops, Cuban parakeet, (Wagler, 1832), (VU)
25-28 cm. Endemisk til sentrale Cuba, ein isolert populasjon i aust.
30–33 cm. Sentralt på Hispaniola, stadeigen for øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. s. 186. ISBN 0713664185. 
  2. 2,0 2,1 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  3. 3,0 3,1 «HBW og BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 
  4. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Psittacara