Hispaniolaparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hispaniolaparakitt

Status i verda: VU Sårbar


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittacidae
Slekt: Psittacara
Vitskapleg namn
Psittacara chloropterus

Hispaniolaparakitten (Psittacara chloropterus) er ein papegøyefugl i parakittfamilien. Han er stadeigen for øya Hispaniola (Haiti og Den dominikanske republikken). Det finst likevel også individ som er sleppte fri i Guadeloupe, Puerto Rico og i Miami i Florida, der dei nokre gonger parar seg med kanarivengparakittar.

Fuglen er ein mellomstor parakitt som er jamleg grønfarga, har ein lang, spiss hale, bleikt nebb og bleike føter, kvite augeringar og eit raudt felt ved leddområdet på vengene. Kjønna er like og hispaniolaparakitten er eit flokkdyr som gjerne dannar flokkar med eit 20–30-tals individ i. Den einaste like arten i området er mayaparakitten, som han enkelt kan skiljast frå fordi denne har blå vengefelt i staden for raude.

Det naturlege habitatet til fuglen er subtropiske eller tørre tropiske skogar, subtropiske eller fuktige tropiske skogar i låglandet, subtropiske eller fuktige tropiske fjellområde og dyrka mark. Like fullt finst det bestandar som lever i urbane område, som den i Santo Domingo, som er aukande. Han er, til liks med mange andre parakittartar, truga av habitattap og ulovleg fanging med kjæledyrmarknaden som mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Hispaniolaparakitt
Namn på andre språk
EngelskHispaniolan Parakeet
TyskHaitisittich
FranskConure maîtresse
SpanskPerico de la Española
RussiskGaitijskaja aratinga (Гаитийская аратинга)