Rømø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rømø
Frå stranda vest på Rømø
Frå stranda vest på Rømø
Geografi
Wadden - Romo.PNG
Stad Vadehavet
Koordinatar 55°08′ N°8′31
Øygruppe Vadehavsøyane

Areal 129 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Tønder kommune

Demografi
Folketal 850
Folketettleik 6,6 /km²

Rømø (tysk Röm) er ei dansk øy som ligg 10 kilometer frå vestkysten av Jylland, heilt sør mot grensa til Tyskland. Rømø har 850 innbyggjarar og er ein del av Tønder kommune, fram til kommunereforma i 2007 i Skærbæk kommune.

Rømø er flat, langstrakt i nord-sør-retning og den tiande største øya i Danmark med eit areal på 129 km². Øya er i sød forbunde til fastlandet av ei demning med bilveg oppå. Sør for Rømø ligg den litt større tyske øya Sylt. Det går bilferje mellom Rømø og Sylt.

Vestkysten av Rømø er ein enorm, brei sandstrand. Lengst i sør er ho størst og flatast. Der kan ein køyre strandbuggy, anten med segl eller drake. Den midtre delen kan sjå ut som den reine ørkenen med store sandbankar langs midten. Utanom bilvegen, kan ein køyre bil frå sør til nord langs den indre delen av stranda. Skog er det mest av aust på øya, der ho er høgare.


Dei frisiske øyane

Dei vestfrisiske øyane
Noorderhaaks - Texel - Vlieland - Richel - Terschelling - Griend - Ameland - Rif - Engelsmanplaat - Schiermonnikoog - Simonszand - Rottumerplaat - Rottumeroog - Zuiderduintjes

Dei austfrisiske øyane
Borkum - Lütje Hörn - Kachelotplate - Memmert - Juist - Norderney - Baltrum - Langeoog - Spiekeroog - Wangerooge - Minsener-Oldoog - Mellum - Langlütjen I og II - Neuwerk - Scharhörn - Nigehörn - Trischen - Blauort

Dei nordfrisiske øyane
Pellworm - Hallig - Amrum - Föhr - Sylt - Jordsand - Rømø - Mandø - Fanø - Langli