Rottumeroog
Utsjånad
| Rottumeroog | |
|---|---|
Satellitbilete av Rottumeroog og Rottumerplaat | |
| Geografi | |
| Stad | Vadehavet |
| Koordinatar | 53°32′25″N 6°34′55″E / 53.54028°N 6.58194°E |
| Øygruppe | Dei vestfrisiske øyane |
| Areal | 3 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Nederland |
| Provins | Groningen |
Rottumeroog (eller Rottum) er ein av tre øyar som utgjer øygruppa Rottum i Dei vestfrisiske øyane i Nederland. Øyane ligg like utanfor kysten i Vadehavet sør i Nordsjøen. Øya er kalla opp etter landsbyen Rottum i provinsen Groningen.
Øya er ikkje busett og det er vanlegvis ikkje lov å gå i land på øya. Berre eit par gonger kvart år er øya open for ålmenta.
På grunn av havstraumane i området flyttar Rottumeroog seg gradvis og vil truleg ein gong forsvinne i estuaret til Ems.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rottumeroog» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2008.