Hopp til innhald

Langeoog

Langeoog
Geografi
StadAustersjøen
Koordinatar53°45′N 07°29′E / 53.750°N 7.483°E / 53.750; 7.483
ØygruppeDei austfrisiske øyane
Areal19,67 km²
Administrasjon
LandTyskland
Delstat
Landkreis
Niedersachsen
Wittmund
Demografi
Folketal2 033 (2006)
Folketettleik103 /km²

Langeoog er ein av dei sju busette austfrisiske øyane ved kysten av Niedersachsen og Tyskland. Ho ligg i Vadehavet sør i Nordsjøen mellom øyane Baltrum i vest og Spiekeroog i aust. Ho er òg ein kommune i landkreis Wittmund. Namnet «Langeoog» tyder «Lang øy» på plattysk.

Stranda på Langeoog er 14 km lang. Sidan Langeoog har ei gjennomsnittleg høgd på berre 5 meter varierer storleiken på øya ein del med tidvatnet.

Langeoog har ferjesamband med Bensersiel på fastlandet. På mange av Dei austfrisiske øyane er båttrafikken avhengig av tidvatnet, men dette er ikkje eit problem for Langeoog.

Langeoog har òg ein flyplass.

Det er ikkje lov med biltrafikk på øya

Ved juletider i 1717 vart Langeoog delt i tre delar på grunn av ein stormflod.

Stranda og sanddynene på vestsida av øya eroderer kvart år, som på alle Dei austfrisiske øyane. Dei siste 50 åra har vestsida av Langegoog flytta seg fleire hundre meter mot aust. Alle Dei austfrisiske øyane bortsett frå Juist og Langeoog har store betongmolar i den vestlege enden for å hindre dette.

Turisme er ein av hovudnæringane på Langeoog, og i nesten alle bygningar på øya er det gjesterom. Det er òg fleire hotel og ungdomsherberge. Øya er mellom anna populær for folk med pustevanskar på grunn av den reine lufta som er her.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]