Hopp til innhald

Borkum

Borkum
Geografi
StadVadehavet
Koordinatar53°35′N 06°40′E / 53.583°N 6.667°E / 53.583; 6.667
ØygruppeDei austfrisiske øyane
Areal30,74 km²
Administrasjon
LandTyskland
Delstat
Landkreis
Niedersachsen
Leer
Største busetnadBorkum
Demografi
Folketal5 547 (2007)
Folketettleik180 /km²

Borkum er ei øy og ein kommune nordvest i Tyskland. Han ligg i landkreis Leer i Niedersachsen og har eit areal på 30,7 km² og eit folketal på om lag 5 500 innbyggjarar. I vest dannar sundet Westereems grensa til Nederland, i aust ligg Osteremssundet, i nord Nordsjøen og i sør Vadehavet. Ho er den største og vestlegaste av Dei austfrisiske øyane nord for den nederlandske provinsen Groningen.

Øya vart danna av to tidlegare fråskilde øyar, som framleis var fråskild av grunt vatn i 1863. Fløtsen mellom dei to tidlegare øyane vart kalla Tüskendör.

19. og 20. desember 1934 skaut Wernher von Braun opp «Max» og «Moritz», to prototypar på A2-raketten, frå øya. Lager Borkum, ein nazistisk arbeidsleirAlderney var kalla opp etter Borkum.

Fleire tidlegare tyske soldatar frå den 216. Marine-Flak-Abeitlung vart stilt for krigsrett under Dachau-prossesen i 1946. Dei vart skulda for å ulovleg ha avretta sju amerikanske soldatar som overlevde ein styrt på øya 8. april 1944.

Det er delvis forbode med bilar på øya. I lågsesongen kan bilar køyre overalt, medan det til visse tider på året er bilfrie soner. Den einaste byen på øya vert òg kalla Borkum.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]