Wangerooge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wangerooge
Wangerooge
Wangerooge
Geografi
Wadden - Wangerooge.PNG
Stad Vadehavet i Nordsjøen
Koordinatar 53°47′N 07°54′EKoordinatar: 53°47′N 07°54′E
Øygruppe Dei austfrisiske øyane

Areal 4,97 km²

Administrasjon
Land Tyskland
Delstat
Landkreis
Niedersachsen
Friesland

Demografi
Folketal 985 (2007)
Folketettleik 198 /km²

Wangerooge er ein av Dei austfrisiske øyane i Nordsjøen utanfor kysten av Tyskland. Øya er òg ein kommune i landkreis Friesland i Niedersachsen.

Wangerooge er den minste av dei sju tyske austfrisiske øyane, og ligg lengst vest av denne øygruppa. Ho er òg den einaste av dei som har høyrt til Oldenburg mellom 1815 og 1947, medan Borkum, Juist, Norderney, Baltrum, Langeoog og Spiekeroog alltid har høyrt til Friesland. I 2007 hadde øya 985 innbyggjarar, men om sommaren tar øya ofte imot meir enn 7 000 turistar dagleg.

Strendene, anna rekreasjon og den rolege atmosfæren på Wangerooge trekkjer til seg mange turistar. At atmosfæren er roleg ser ein igjen i slagordet til øya: «Gud skapte tid, men han nemnde aldri hast!». Det er ikkje lov med bilar på øya. Øya har båtsamband til Harlesiel på fastlandet, og ein kan nå øya med fly frå Harlesiel, Bremen eller Hamburg. Ferjene har ikkje faste avgangstider på grunn av tidvatnet, og kan berre gå på flo sjø

Øya har to fyr, eit nytt og eit gamalt, i tillegg til vesttårnet. Sidan øya konstant flytta seg før det vart gjort tiltak for om lag hundre år sidan, forsvann bygningar vanlegvis i havet etter nokre hundreår. Vesttårnet som vart bygd i 1597 vart opphavleg bygd på austsida av øya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Dei frisiske øyane

Dei vestfrisiske øyane
Noorderhaaks - Texel - Vlieland - Richel - Terschelling - Griend - Ameland - Rif - Engelsmanplaat - Schiermonnikoog - Simonszand - Rottumerplaat - Rottumeroog - Zuiderduintjes

Dei austfrisiske øyane
Borkum - Lütje Hörn - Kachelotplate - Memmert - Juist - Norderney - Baltrum - Langeoog - Spiekeroog - Wangerooge - Minsener-Oldoog - Mellum - Langlütjen I og II - Neuwerk - Scharhörn - Nigehörn - Trischen - Blauort

Dei nordfrisiske øyane
Pellworm - Hallig - Amrum - Föhr - Sylt - Jordsand - Rømø - Mandø - Fanø - Langli