Griend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Griend
Griend zwerm vogels 20050508 7244.jpg
Geografi


Stad Vadehavet
Koordinatar 53°15′05″N 5°15′15″EKoordinatar: 53°15′05″N 5°15′15″E
Øygruppe Dei vestfrisiske øyane

Areal 0,1 km²

Administrasjon
Land Nederland
Provins Friesland

Griend er ei lita øy i Vadehavet i Nederland som ikkje er busett. Ho ligg om lag 20 km sør for Terschelling og er ei av Dei vestfrisiske øyane. Øya her i dag eit areal på rundt 0,1 km².

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen var øya busett og hadde ein landsby med murar rundt og eit kloster. Som følgje av erosjon av kysten har Griend vorte mindre og mindre. I 1287 vart bustaden forlate og frå den tid og fram til 1700-talet var Griend berre busett av eit par bønder som bygde husa sine på ein kunstig ås. Rund år 1800 hadde Griend framleis eit areal på 0,25 km², men øya flytta seg søraustover med om lag 7 meter i året. På denne tida flytta dei siste busetjarane og ho vart nytta som beitemark og dyrking av høy for innbyggjarane på Terschelling. I tillegg vart det samla inn egg frå måse og terne

I 1916 vart retten til å kutte gras på øya kjøpt av Vereniging Natuurmonumenten, ein union som ville verne naturen og som òg prøvde å hindre innsamlinga av egg frå fuglekoloniane. Etter Afsluitdijk stod ferdig i 1933 auka erosjonen ytterlegare, men trass i dette eksisterer øya framleis i dag. Den noverande posisjonen er søraust for plasseringa i mellomalderen.

Griend i dag[endre | endre wikiteksten]

I dag står det berre ei hytte på øya og sommaren vert ho nytta av fuglekikkarar og biologar. Ho er ikkje open for ålmenta. Sidan Griend ikkje er verna av dike flyttar ho seg sakte austover. For å hindre at ho forsvann heilt var det bygd eit par demningar og i 1990 vart det bygd ei låg sanddike på nordsida. Sidan den gong har øya vokse noko.

Natur[endre | endre wikiteksten]

På Griend finn ein den største kolonien av splitterner i Vest-Europa. I tillegg finn ein makrellterne, isterne, ærfugl, gravand, tjeld og raudstilk og stundom jordugle hekkar her. Under bygginga av sanddika vart øya òg kolonisert av lita skogmus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Dei frisiske øyane

Dei vestfrisiske øyane
Noorderhaaks - Texel - Vlieland - Richel - Terschelling - Griend - Ameland - Rif - Engelsmanplaat - Schiermonnikoog - Simonszand - Rottumerplaat - Rottumeroog - Zuiderduintjes

Dei austfrisiske øyane
Borkum - Lütje Hörn - Kachelotplate - Memmert - Juist - Norderney - Baltrum - Langeoog - Spiekeroog - Wangerooge - Minsener-Oldoog - Mellum - Langlütjen I og II - Neuwerk - Scharhörn - Nigehörn - Trischen - Blauort

Dei nordfrisiske øyane
Pellworm - Hallig - Amrum - Föhr - Sylt - Jordsand - Rømø - Mandø - Fanø - Langli