Rabigh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 22°48′N 39°02′E
Miqat al-Juhfah
al-Juhfah
by
Mosque at Johfa.JPG
Masjid Miqat al-Juhfah i Wadi Rabigh i Saudi-Arabia
Kallenamn: Ein av Miqat
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Rabigh
Koordinatar 22°48′N 39°02′E
Folketal 180 000
Tidssone AST (UTC+3)
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Rabigh (arabisk رابغ) er ein eldgammal by på vestkysten av Saudi-Arabia, langs Raudehavet i Mekka-regionen. Han vart kalla «al-Johfa» eller al-Juhfah fram til starten av 1600-talet. I somme gamle soger vart byen heilt øydelagd av havet, og vart så bygd opp att på ny under namnet «Rabigh».

Folketalet er kring 180 000 i følgje nyare folketeljingar.[1]

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Rabigh ligg på austkysten av Raudehavet og har ekstrem varme om sommaren. Tempeaturen er høg om vinteren òg. Temperaturen byrjar å stige i april og når eit maksimum mellom juli og september, ofte over 45 ºC. Luftfukta er særs høg, særleg om sommaren. Ein kan stundom få korte regnbyger på grunn av den ekstremt høge fukta.

Wadi Rabigh[endre | endre wikiteksten]

Wadi Rabigh er ein historisk viktig wadi som ligg like innafor byen Rabigh, og strekkjr seg langs grensa til al-Madinah og Mekka-regionen i Saudi-Arabia.

Ein naturleg innsjø nær Haggag, kring 35 km inn i landet, er omgjeve av siv og får vatn frå fleire permanente ferskvasskjelder. Dette dannar ein naturleg våtmarksområde som er unikt for Tihamah nord for Jidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]