Ragnfrid Trohaug
Ragnfrid Trohaug | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. desember 1975 (48 år) i Bodø |
Yrke | Forfattar, omsetjar, redaktør |
Periode | 2000- |
Debut | Okkupert kjærleik |
Ragnfrid Trohaug (fødd 23. desember 1975)[1] er ein norsk forfattar og forlagssjef.
Ho er fødd i Bodø, men flytta seinare til Bergen etter å ha tatt vidaregåande utdanning på United World College of the Atlantic i Wales. Ho er cand.mag frå Universitetet i Bergen, med eit uavslutta hovudfag i litteraturvitskap, med delfag i kvinne- og kjønnsteori, og mellomfag i kunsthistorie og spansk språk og latinamerikastudie. Ho har også gått på Forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark.
Ragnfrid Trohaug har vore spaltist i Nordlands Framtid, Dag og Tid, Bergens Tidende og Klassekampen. I 2006 blei ho tilsett som barnebokredaktør i Det Norske Samlaget, etter Guri Vesaas.[2] I 2017 blei ho forlagssjef i Cappelen Damm Barn & Ungdom.[3][4]
Romanen Okkupert kjærleik er omsett til tysk, fransk og nederlandsk.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- I 2000 fekk ho Blix-prisen, som blir delt ut til nordnorske forfattarar som skriv på nynorsk eller nordnorsk dialekt.
- I 2000 fekk ho Kulturdepartementets debutantpris.
- I 2002 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris[5]
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Okkupert kjærleik – ungdomsroman, Det Norske Samlaget, 2000
- Frå null til no – ungdomsroman, Det Norske Samlaget, 2001
- Synd.no : antologi – (bidrag i antologi), redigert av Marit Eikemo, m.fl., Det Norske Samlaget, 2001
- Dobbeltgjengaren – høyrespel, NRK, 2002 Det Norske Samlaget, 2004
- Uten grenser – antologi, Kagge Forlag, 2002
- Kvinner Care – bidrag i antologi, redigert av Anna Bache-Wiig og Morten Krogvold, Press, 2004
- Ikke mat sjimpansene – ungdomsroman, med Hilde Hagerup og Charlotte Glaser Munch, Aschehoug, 2004
- Landet Alltid Raudt – fantasyroman, Det Norske Samlaget, 2005
- Rosa prosa – bidrag i antologi, redigert av Ida Roggen og Tonje Tornes, Gyldendal, 2006
- Vi vil ha hund! – biletbok, Cappelen Damm, 2012
- Det spøker – barnebok, Det Norske Samlaget, 2018
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ ««Ragnfrid Trohaug (23.12.1975)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Henta 23. mars 2013.
- ↑ «Blir redaktør i Samlaget», www.bt.no (på norsk bokmål), 12. oktober 2006, henta 26. mai 2023
- ↑ «Ragnfrid Trohaug blir redaksjonssjef i Cappelen Damm Barn & Ungdom», Mynewsdesk (på norsk), 3. mai 2017, henta 26. mai 2023
- ↑ Steenberg, Nora (10. september 2018), «Trohaug ny forlagssjef», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 26. mai 2023
- ↑ ««Guro Sandsdalens litteraturpris 2007 til Ingelin Røssland»». Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (web.archive.org).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ragnfrid sin blogg
- Digitaliserte bøker av Ragnfrid Trohaug hjå Nasjoanlbiblioteket
- Nordnorsk Forfatterlag om Trohaug Arkivert 2005-03-25 ved Wayback Machine.
- Presentasjon av Ragnfrid Trohaug på nettstaden til Bergen Offentlige Bibliotek Arkivert 2012-10-11 ved Wayback Machine.
- Presentasjon av Ragnfrid Trohaug på nettstaden til Samlaget Arkivert 2013-10-13 ved Wayback Machine.
- Utgjevingar av Ragnfrid Trohaug i BIBSYS Ask[daud lenkje]