Rakkestad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°24′38.822″N 11°22′9.4980″E

Rakkestad kyrkje
kyrkje
Rakkestad kirke.jpg
Foto: Knut E. Haug
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Østre Borgesyssel
Sokn Rakkestad
Fellesråd Rakkestad
Type Langkyrkje
Periode Romansk
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1200
 - Endringar 1875
Tårn I vest
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Bruskbarokk, ca. 1700
Døypefont Ca. 1700
Altartavle 1696
Sitjeplassar 260
Wikimedia Commons: Rakkestad kirke

Rakkestad kyrkje er ei langkyrkje i Rakkestad kommune i Østfold fylke.

Kyrkja er ei romansk mellomalderkyrkje med rektangulært skip og smalare og langstrakt kor, truleg bygd omkring år 1200.

Rakkestad kyrkje er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1370. Kyrkja vart teken over av Rakkestad kommune i 1860. I 1875 vart ho vesentleg om- og påbygd i regi av stadsingeniør Gustav Blom Kielland. Korbogen vart riven og vindauga utvida, og eit nytt tårn vart oppført der våpenhuset hadde stått tidlegare. Samtidig vart takryttaren riven. I dag har kyrkja om lag 260 sitjeplassar.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fladstad, Odd F. (1979). Rakkestad kirke gjennem syv århundrer. Oslo. 
  • Sigrid og Håkon Christie: Rakkestad kirke i «Norges kirker»
  • Pettersen, Tore Steinar (2008). Kirker i Østfold, Borg bispedømme. Fredrikstad: Tindlund Forlag. s. 164-167. ISBN 978-82-92923-09-2. 
  • Rasmussen, Alf Henry, red. (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 678. ISBN 82-75-27022-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Østfold å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.