Rambergøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto frå 1961 teke mot sørvest, med Rambergøya til venstre, sør for Gressholmen, som ligg i midten. Vest for Gressholmen, nærare sentrum av fotoet, ligg Heggholmen med fyret på nordspissen av øya. Eit parti av Lindøya er å sjå i høgre biletkanten, med Nakholmen vestanfor.
Foto: Widerøes Flyveselskap/Edmond Jaquet

Rambergøya er ei 0,125 km² stor øy i Indre Oslofjord i Oslo, sør for Gressholmen, og med samband til Gressholmen over eit smalt eide i sørvest. Det høgste punktet på øya ligg ifylgje kartet 37 meter over havet.

Namnet har øya etter fuglearten ramn (korp), slik at det er tale om ei øy med eit ramneberg. Norskfilologen Gustav Indrebø skriv at «"Ramberg" er gn. *(H)rafnaberg, Ramneberget. Dette namnet høyrer eigenleg ein bergkoll ute paa øyi til. Kollen fell bratt ned mot sjøen på utsida. Ifraa berget hev dei ført namnet yver paa sjølve øyi. Ein kan jamføra med øynamnet "Kollen" i Rygge. Det er vel truleg at det eigenlege øynamnet, Rambergøyi, hev vore noko i bruk ved sida av heile tidi.»[1]

Rambergøya var klostergods i mellomalderen, og har etter reformasjonen vore i statens eige. No er øya friluftsområde, og har vore kommunal badeplass sidan 1934. Saman med mesteparten av Gressholmen vart Rambergøya med tilhøyrande sjøområde eit naturreservat frå 2. oktober 1992 under namnet Gressholmen-Rambergøya naturreservat.

Bukta mellom Rambergøya og Gressholmen heiter Rambergbukta, og er eit viktig element i naturreservatet. Sundet mellom Rambergøya og Langøyene i Nesodden kommune heiter Rambergsundet, og ei flu i fjorden sørvest for Rambergøya og nordvest for Langøyene heiter Rambergskårflua.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gustav Indrebø: 'Stadnam fraa Oslofjorden : Aker herad og Oslo hamn, Bærum herad, Asker herad' i Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo II Hist.-Filos. Klasse. 1928. No. 5 attgjeve i faksimile på sidene 87-140 i boka til Tore Ness, Navn i fjorden : Oslo-Asker-Bærum, Oslo 2008: Orion Forlag AS ISBN 978-82458-0847-6. Sjå side 109 i denne boka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]